Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivFerdsel og turismeDriftehandel

Driftehandel

Driftehandelen var ein viktig næringsveg for mange jostedøler fram til byrjinga av 1900-talet. Kveget vart samla i Nordfjord tidleg på sommaren, drive over breen og gjennom Jostedalen og til sommarbeite på hamner i fjellområda i Valdres eller Hallingdal. På hausten vart så dyra drivne til marknadsplassane på det folkerike Austlandet der dei vart selde. Driftehandelen går fleire hundre år attover, men med eit høgdepunkt i siste halvdel av 1800-talet. Den siste fedrifta over Jostedalsbreen skal ha gått i 1920-åra.

Ein av dei sist attlevande driftekarane, Henrik Nitter Røneid, fortalde om verksemda i eit unikt NRK-opptak i 1958, og seinare i eit notat han skreiv i 1962. Læraren og lokalhistorikaren Sigurd Fjøsne var viktig for å få Røneid til å fortelja og skriva om driftehandlarlivet.  Dei sentrale faglege arbeida om den norske driftehandelen står Anna Helene Tobiassen bak.

Meir om driftehandelen:

| |

Kommentarar

Kommentar frå Odd H. Røneid
Tid: 22. mai 2011, 12:14

I artikkelen ovanfor er Sigurd Fjøsne nemnd som driftekar, men det stemmer ikkje. Sigurd var ein dyktig og høgt respektert lærar frå Luster. Både han og far min(Henrik) var svært interessert i bygdehistorie og slektshistorie. På slutten av 50-talet og byrjinga av 60-talet vitja Sigurd far min mang gonger og det vart lange dagar ifylgje mor mi. Desse samkomene trur begg sette svært stor pris på. Sigurd var også ein av pådrivarane til at far min skreiv om «fedrifter over Jostedalsbreen»
Under den andre Verdenskrigen var Sigurd ein ihuga motstandsmann og vart saman med andre lærarar arrestert og sendt til Kirkenes. Han sat i tysk faneskap til krigen var slutt i 1945.

Kommentar frå Oddmund
Tid: 15. juni 2011, 23:39

Seint svar her, men hjarteleg takk for kommentaren, Odd! Artikkelen er no retta opp. Eg vonar me etter kvart får lagt ut meir stoff om den interessante og viktige historia til driftehandelen gjennom Jostedalen.

Skriv ein kommentar