Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Litteratur om FossOm Foss og jostedalsskildringa (2007)

Om Foss og jostedalsskildringa (2007)

Av Oddmund L. Hoel

Jostedalen er ei av dei heldige bygdene som har ei fyldig skildring frå midten av 1700-talet. Presten Matthias Foss sette seg i 1750 ned og skreiv ”Justedalens kortelige Beskrivelse” (prenta 1802), som både er ei morosam og historisk svært viktig kjelde til bygdelivet på 1700-talet. Ikkje minst gjev stykket ei god fyrstehands skildring av den dramatiske breveksten som nådde maksimum i 1748 og øydela både innmark og gardshus. Stykket til Foss er mykje sitert og er prenta fleire gonger tidlegare. Me gjer det her tilgjengeleg for alle.

Den topografiske litteraturen
”Justedalens kortelige Beskrivelse” høyrer til sjangeren som vanlegvis vert kalla den topografiske eller topografisk-historiske litteraturen. Føremålet med desse små og store vitskaplege skriftene var å gje ei grundig og sannferdig skildring av eit mindre samfunn. Den vanlegaste eininga var prestegjeldet. Utgreiinga tok gjerne føre seg både naturen, næringsvegar, administrative tilhøve, og ei etnologisk prega skildring av folket, lokale skikkar, språk og historiske minnesmerke. Slike framstillingar finst både frå 15- og 1600-talet, men det store gjennombrotet kom i 1760-åra, og dei fylgjande tiåra nærast eksploderte sjangeren i omfang. Den typiske forfattaren var ein lokalkjend embetsmann, gjerne prest.

Den store nordiske krigen tok slutt kring 1720, og i tiåra som fylgde, vart det ført ein aktiv politikk for å utvikla næringslivet i Danmark-Noreg. I 1743 utarbeidde Kanselliet i København ei liste med 43 spørsmål som eit fyrste forsøk på ei offentleg kartlegging av næringsliv, ressursar, folkeliv og kultur i Noreg. Spørjelistene vart sende til stiftsamtmenn og amtmenn, og i samarbeid med biskopane sende dei spørsmåla vidare til prestar og futar. Planen var at svara skulle gje tilfang til ”en fuldstændig Landbeskrivelse over Kongens Riger og Lande”. Tilfanget som kom inn, var ujamt og ufullstendig, og det skulle gå 20 år før fyrste bandet av Det Kongerige Norge kom ut (København 1763), ført i pennen av ein av hovudmennene bak aksjonen, Erik Johan Jessen-Schardebøll. Fleire band kom aldri ut.

I Bergens stift vart det ei av dei fyrste oppgåvene til den nye stiftamtmannen Christian á Møinichen hausten 1743 å senda spørsmåla frå København vidare til prestar og futar, og utover hausten og vinteren kom svara inn, i alt 37 i talet. I Sogn og Fjordane var det berre fire prestegjeld som vanta, og eitt av dei var diverre Jostedalen. Prestane både i Hafslo, Luster og Sogndal sende inn svar. Rett nok er eitt av dei 37 svara seinare kome bort utan at ein veit kvar det kom frå, men det er ingen særskilte grunnar til å tru at det skal vera frå Jostedalen. Svara frå Bergens stift vart sende vidare til København i oktober 1744 der dei no ligg i Det kongelige Bibliotek

Historikaren Steinar Supphellen skriv at ”aksjonen i 1743 er viktig både fordi den markerar aukande interesse frå sentralt hald for nøye kunnskap om landet på bakgrunn av økonomiske teoriar i tida, og fordi den var med på å vekkja interesse, særleg mellom embetsmenn utover landet, for å samla opplysningar om sine embetsdistrikt.”

Supphellen meiner 1750 markerer eit skilje for denne interessa, for det året vart det skrive to skildringar: ”Beskrivelse over den ældste Kiøbstæd i Norge, Tonsberg” av presten Jens Müller, og nettopp ”Justedalens kortelige Beskrivelse” av Matthias Foss. Produksjonen av topografiske avhandlingar var sterkast i 1770-, 80- og fyrst i 1790-åra. Det var elles heilt vanleg at manuskripta vart liggjande ei stund før dei vart prenta, slik tilfellet var for Jostedals-skildringa som vart prenta i 1802. Nokre større arbeid vart prenta som eigne bøker, som Det første Forsøg paa Norges Naturlige Historie (1752–53) av Erik Pontoppidan og ikkje minst Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør (1762–66) av Hans Strøm, som er rekna som sjølve hovudverket i den dansk-norske topografiske litteraturen og det store føredømet i samtida. Men dei fleste arbeida måtte venta til det kom eigna tidsskrift, som Topographisk Journal for Norge (1792–1808), Topographisk-Statistiske Samlinger (1811–17) og Magazin for Danmarks og Norges Topographiske, oeconomiske og statistiske Beskrivelse (1779–1803), som stykket om Jostedalen vart prenta i.

Matthias Foss
Skipparsonen Matthias Jørgensen Foss var fødd i København 8.3.1714 og døydde som sokneprest i Jostedalen 31.1.1792 etter femti år i kallet. Han vart ferdig utdanna prest (cand.theol.) i 1741 og vart tilsett som sokneprest i Jostedalen 15. mai same året. Han overtok prestekallet i april 1842 då kan kom til Jostedalen med kona si, Marie Dreyer (1711–1777), som han skal ha gift seg med kring 1740. Dei skal ha hatt i alt ti born, men mange døydde i ung alder, og bygdebokskrivar Lars E. Øyane har berre funne att seks av dei, som vart fødde frå juni 1742 til 1749. Kyrkjebøkene mellom 1751 og 1770 er diverre tapte. Då Foss døydde i 1892, levde berre éin arving – barnebarnet Andreas Jørgenson (f. 1776), på den tida hattemakarsvein i Bergen. Det er ikkje kjent kvar han vart av eller om han hadde etterkomarar (meir om slekta).

Foss fekk eit langt og tragisk liv i Jostedalen. Han kom raskt på kant både med allmugen og kona si, og det enda med tre omfattande prosessar i prosteretten 1745-61. Det gjorde ikkje situasjonen betre at inntektene til presteembetet var særs låge, så prestefamilien levde i «extrem Armod» (Pontoppidan).

Mest lagnadstungt for Foss var likevel det ulukkelege ekteskapet. Fredrik Arentz, biskop 1762-74, skreiv at kona hadde ”opført sig mere som en Djævelinde end som en Mandinde med Hug, Slag, Stenkastelse og andet usømmeligt.” (NBL). Marie Foss flytte kanskje alt i 1750-åra frå mannen sin til Bergen. Situasjonen for Foss var vel ikkje betre av at den eldste dottera hans, Hedvig, fekk ein unge utanfor ekteskap med ein gullsmed på Hafslo i 1771. Ungen døydde same året, og Hedvig skal året etter ha flytt til Bergen. Pontoppidan oppsummerte etter visitasen i 1749 at Foss hadde «en arrig og avindsyg Hustrue», men hadde ikkje anna trøyst enn å formana Foss til å bera denne «Underlighed … taalmodelig, saa Menigheden ikke tog alt for stor Forargelse.» Seinare greip dei overordna likevel inn og fekk i stand noko så uvanleg på den tida som ein separasjon.

På bakgrunn av alt dette, var det ikkje rart at Foss ynskte seg bort, men det slo Pontoppidan fast i 1749 at ikkje var aktuelt, og seinare biskopar ser heller ikkje ut til å ha tort anna enn å la han bli verande i Jostedalen. Her ligg nok òg ein viktig grunn til at Foss skreiv «Justedalens kortelige Beskrivelse».

Framsida på manuskriptet fortel at Foss skreiv skildringa til biskop Pontoppidan. Det er vel rimeleg å tru at Pontoppidan hadde oppmoda Foss om å skriva skildringa under visitasen i 1749. Pontoppidan var på denne tida i gang med storverket Norges naturlige historie (1752-53). Han sat på svara frå 1743-granskinga, men mangla altså svaret frå Jostedalen. At Foss ikkje svara på spørjelista i 1743, er kanskje ikkje så rart – han hadde berre vore i bygda eit drygt år.

Pontoppidan var ei sentral drivkraft bak den historisk-topografiske litteraturen i Noreg. I København hadde han i 1743 formulert to av spørsmåla som gjekk ut til prestane, og sommaren 1748 kom han til Bergen som biskop, noko som i røynda var ei forvising etter at han hadde kome i ein kvass personleg strid og gjort seg grundig upopulær i dei leiande krinsane i København. Rivalisering med mellom anna Jessen som arbeidde (seint) med tilfanget frå 1743-innsamlinga, vert av Hamre framheva som eit viktig motiv for at han arbeidde så raskt med å få ferdig historieverket sitt, som kom i to band i 1752–53. Då hadde han alt i 1749 publisert den vidgjetne ordsamlinga Glossarium Norvagicum. Eitt av motiva til Pontoppidan med å gje ut desse to bøkene så raskt, var å gjera vidare karriere og koma seg bort frå Bergen. Det førde fram, for alt i 1754 fekk han løyve til reisa til København medan ein vikar tok over bispeembetet, og i 1755 vart han prokanslar ved universitetet i København og kom seg bort frå Bergen for godt (Hamre 1972).

Kanskje vart Pontoppidan ekstra interessert i Jostedalen etter å ha høyrt om dei store øydeleggingane til breen dei siste åra. Dette nemner han òg i Norges naturlige Historie, men elles er det få spor etter skildringa til Foss der, og Foss vert ikkje sitert direkte, i motsetnad til ein del andre prestar som har sendt Pontoppidan brev og skildringar.

Generelt var dei topografiske skildringane fine å ha på CV-en for prestar og andre embetsmenn som ville klatra, og dette var éi av drivkreftene bak den store topografiske litteraturen. Fleire enn Pontoppidan fekk betre embete etter å ha skrive slike utgreiingar. Foss hadde nok òg von om at jostedalsskildringa skulle hejlpa han til eit betre kall, men slik gjekk det ikkje – han vart verande i Jostedalen til han døydde.

Utgjevingane av ”Justedalens kortelige Beskrivelse”
Foss sende altså manuskriptet sitt til Pontoppidan i 1750, som truleg tok det med seg til København då han forlet Bergen i 1754. Den danske statsmannen og bok- og manuskriptsamlaren Otto Thott (1703-1785) overtok seinare manuskriptet til Foss saman ei rad andre manuskript i Pontoppidan si samling. Thott testamenterte samlinga si til Det Kongelige Bibliotek i København, og i 1795 vart det gjeve ut ein katalog over manuskripta (Index Codicum Manuscriptorum). Manuskriptet ligg framleis i Det Kongelige Bibliotek og har katalogsignaturen «Thott 934 folio». Jostedal historielag skaffa seg i 2005 ein kopi av manuskriptet.

Skildringa til Foss vart prenta ti år etter at Foss døydde, i Magazin for Danmarks og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse, band II, 1802 (side 3–44). Magasinet vart utgjeve i København av Frederik Thaarup i åra 1779–1803.

Det var Jens Christian Berg (1775–1852) som klargjorde stykket til prenting og skreiv merknadene og det vesle føreordet. Av yrke var Berg sorenskrivar i Jarlsberg og seinare justitiarius i Stiftsoverretten i Christiania, men det er som historikar han er kjend. Han var heilt sentral i å byggja opp ei eiga norsk historieforsking i Noreg etter 1814, og særleg gjorde han ein stor innsats for å samla kjeldeutdrag og –avskrifter. I sine yngre år, kring 1800, fekk han gjerne prenta arbeida og avskriftene sine i Thaarups Magazin (Dahl 1990). I 1802 studerte han jus i København medan han livnærte seg som voluntør i Rentekammeret. I føreordet skriv han at ”adskillige af Forfatterens Tautologie eller unyttige Ordrighed er blevet bortskaaret”, men òg at han ”dog snarere har tilladt mig for liden end for megen Frihed”.

Jostedalsskildringa til Foss er seinare prenta både i 1948 og 1995. I 2002 publiserte Jostedal historielag ei ny avskrift av 1802-utgåva på nettstaden sin, og i 2009 har laget publisert ei ny og ytterlegare kvalitetssikra digital utgåve på nettet. Sjå føreordet for nærare opplysningar om denne utgåva og utgåvene i 1948 og 1995.

Litteratur
Arne Apelseth: Hans Strøm – 200 år etter, Høgskulen i Volda, 1997
Ottar Dahl: Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre, Oslo 1990, side 27–34 (om J.C. Berg)
Reidar Djupedal: Den store innsamlinga av topografisk, historisk og språkleg tilfang ved embetsmennene 1743 og ”Det Kongerige Norge”, i: Heimen bd. X, h. 7, 8 og 10, Oslo 1955–57, side 289–485
Ståle Dyrvik: Norsk historie 1625 –1814. Vegar til sjølvstende, Oslo 1999, side 193–196 (om den topografiske litteraturen)
FL: Forfatterlexikon omfattende Danmark, Norge og Island indtil 1814, av H. Ehrencron-Müller, band III, København 1926 (om M. Foss)
Håkon Hamre: Vestnorske ordsamlingar frå 1700-talet, Bergen 1961 (om 1743-innsamlinga i Bergens stift)
Håkon Hamre: Erik Pontoppidan og hans Glossarium Norvagicum, Bergen 1972
Johan Fredrik Lampe: Bergens Stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger, Kristiania 1895, band II, side 3–4 (om Foss)
Luster. Lokalhistorisk årbok, nummer 2, 1995, side 77–87 (heile skildringa prenta med ei kort omtale)
Norsk biografisk leksikon, band I, 1999 (omtale av J.C. Berg)
Steinar Supphellen: Den historisk-topografiske litteraturen i Noreg i siste halvpart av 1700-talet, regionalisme eller nasjonalisme?, i: Heimen 1979, side 198–211
Lars E. Øyane: Bygdebok for Luster kommune – gards- og ættesoge. Band V: Jostedal sokn, 1994, side 331 (omtale av M. Foss og familien hans)

| |

Skriv ein kommentar