Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)BiografiForeldre og forfedrar

Foreldre og forfedrar

Foreldra var Jørgen Mathisen Foss (1680-1737) og Katrina Malena Nilsdatter Daldorph, som gifte seg i København 1713. Dei fekk to born – Matthias (1714) og Anne Margrethe (1717-1784), som gifte seg med Hans Christian Bjørn (1697-1763) i 1737. Same året vart Bjørn prest i Kvikne, Hedmark, og der var han til han døydde. Båe borna til Jørgen og Katrina enda såleis i norske utkantbygder.

Faren Jørgen var kaptein i Asiatiske kompagni og skulle til den dansk-norske kolonien Trankebar for tredje gong med ei skipslast myntar då skipet «Wendela» forliste ved Shetland i desember 1737. (I 1973 vart skipet funne, sjå òg ein lengre fagartikkel på nettstaden til Foreningen Trankebar).

Det er ikkje kjent når Katrina Malena døydde.

Foreldra til Jørgen er det ikkje sikre opplysningar om, og her står me temmeleg fast.

Kyrkjehistorikaren Frederik Schiørn meiner i sitt uprenta oversyn over Den norske kirkes embeder og prester 1700-1900 at farfar til Matthias (far til Jørgen) var Mathias Nilssøn Foss (1627-1683), biskop i Ålborg. Han hadde to born frå fyrste ekteskap. Om Jørgen var fødd i 1680, må han ha vore fødd i det andre ekteskapet (1675), med Margrethe Akselsd. Aand (1626-1684). Men då må ho ha vore 54 då ho fekk han, så her er det noko som ikkje stemmer. Fleire diskusjonstrådar på slektsgranskingsnettstader har teke føre seg spørsmålet om kven foreldra til Jørgen Foss kan ha vore utan at det så langt er klarlagd.

I omtala av Foss i forfattarleksikonet frå 1926 har H. Ehrencron-Müller ei tilvising til «Lengnick: Chr. Foss. p. 1» (førekjem òg i omtala i Norsk biografisk leksikon). Det må referera til den kjende danske slektshistorikaren J. C. L. Lengnick som står bak ei rad prenta og uprenta arbeid. Spørsmål til Det kgl. Bibliotek og Rigsarkivet i København i august 2008 har likevel ikkje ført fram – dei er ikkje i stand til å identifisera kva dokument denne referansen viser til.

Kjelder

Personopplysningane er henta frå slektssidene til Jan Erik Aas som òg har gode kjeldetilvisingar og kjeldekritiske vurderingar. Den greina som gjeld Foss, finn ein på denne sida, fylg peikar M-28 Avle Kristiansson Bjørn.

Sjå også ein interessant artikkel frå 1930 om Hans Chr. Bjørn (svogeren til Matthias Foss).

| |

Skriv ein kommentar