Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Biografi1755-63: Strid med kona

1755-63: Strid med kona

Foss prøvde i 1758 utan hell å bli soknepresten i Vik, Anders Daae, sin etterfylgjar som prost i Sogn. Det meinte Foss han hadde rett til sidan han var den eldste soknepresten i prostiet (Laberg, som siterer dokument han truleg har funne i bispearkivet). Foss skal òg ha vikariert for andre prestar og elles ha vore mellombels prest i Hafslo, Sogndal og Aurland.

I ei handbok for tenestefolka i futedømet frå same tida vart alle embete omtala. Den lakoniske og triste omtala av Foss var at «naturen [har] lige som glemt ham, og hand andre igien».

Kyrkjeboka for åra 1751-70 er tapt, så me har ikkje det same oversynet over embetsførsla som åra før og etter. Men Foss la nok vekt på å gjere jobben godt, ikkje minst fordi han framleis prøvde å kome seg til eit anna prestekall. I 1755 vart det organisert eit fattigvesen for Bergen stift, og soknepresten vart formann i den nye fattigkommisjonen. Foss ser ut til å ha hatt orden i sakene, for frå og med 1756 sende Foss inn faste årlege rapportar frå Jostedal fattigkommisjon slik kravet var.

I 1759-60 gjorde òg Foss ein grundig jobb med eit sjelemanntal for Jostedalen, som i dag er det eldste bevarte komplette oversynet over folkesetnaden i bygda.

Ekteskapsproblema

Den fyrste kjelda som seier noko om ekteskapsproblema til Matthias og Marie Foss, er Pontoppidans visitasdagbok frå 1749. Han har notert seg at Foss har «en arrig og avindsyg Hustrue, hvis Underlighed jeg formanede ham at bære taalmodelig, saa Menigheden ikke tog alt for stor Forargelse».

Ekteparet hadde på dette tidspunktet fått sju barn på åtte år, og av dei levde fem. Både etter dødfødselen i mars 1748 og fødselen i mars 1749 fortel kyrkjeboka at Marie var så sjuk at ho vart «meddeelt det høyværdige Alterens Sacramente» på sjukesenga.

Ekteskapsproblema må ha auka på utover i 1750-åra. Daniel Thrap skriv at det «lykkedes efter mange Aars Usamdrægtighed at faa et Forlig istand mellem F. og hans Hustru Marie Kristine Dreyer i 1759» (Thrap har truleg opplysningane frå bispearkivet). Det kan ikkje ha vorte mykje betre, for i 1761 tok biskop Ole Tidemand affære. Han gav ordre om at det skulle takast opp eit prosteforhøyr, og i dagane 29.-31. juli 1761 vart det halde eit rettsmøte der åtte vitne og ei rekkje brev fortalde om  krangel og ukvemsord mellom ektefellene. Det fall ingen dom, men Thrap skriv at Marie flykta året etter. Kallsboka (1830) opplyser at Marie og tre døtrer budde fleire år i Luster (det må ha vore minst ein son sidan det berre er kjent at dei hadde to døtrer i live då).

Thrap skriv at det kom til ein frivillig separasjon mellom ektefellene i 1763 der Foss måtte gje 30 rdl i årleg underhald til kona (jf. brev om Marie Foss frå 1763). Thrap skriv òg at biskop Frederik Arentz (som forgjengarane) ikkje ville gje Foss eit anna embete på grunn av ekteskapsproblema.

Arentz var biskop 1762-74 og er mykje sitert på at «hun [Marie] var den mest skyldige, der «havde opført sig heller som en Djævelinde end Mandinde med Hug, Slag, Sten-Kastelse og andet usømmeligt» (Thrap, som truleg har sitatet frå bispearkivet. Ei rekkje andre omtaler siterer dette, truleg etter Trap.)

| |

Skriv ein kommentar