Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Biografi1744-55: Strid med allmugen

1744-55: Strid med allmugen

Matthias Foss kom raskt på kant med allmugen i Jostedalen og særleg med dei leiande slektene i bondesamfunnet. Både lensmann Tøger Snøtun, klokkar Ole Grov og lensmanssonen Ole Åsen var folk Foss kom i konflikt med.

I juni 1744 fekk Ole Andersson Åsen eit barn utanfor ekteskap med klokkardottera Marta Olson Grov. Ole hadde alt flytt inn på Grov, og planen var tvillaust at dei skulle gifte seg. Saka var nok sterkt medverkande til å setje ein gryande konflikt mellom Foss og allmugen på spissen. Matthias Foss melde dei for ulovleg leigarmål, og saka kom fyrste gong opp på hausttinget i november 1744, på same tinget som ei sak mellom Foss og soldat Ole Myklemyr òg kom opp. Dette vart startskotet for ei rekkje rettsprosessar mellom Foss og allmugen som kan fylgjast på bygdetinga 1744-47.

Eit mottrekk frå bøndene var å klage på Foss til biskop Oluf Bornemann under den fyrste bispevisitasen til Foss 28. juli 1745. Klagemåla førte til ein prosess i den geistlege domstolen (prosteretten) 1745-46 der ei rekkje ulike konfliktsaker mellom Foss og allmugen kom for dagen. Ei av sakene var at Foss vart nekta skyss og måtte gå til bispevisitasen i Dale i 1745.

Rettsprosessane ser ut til å ha teke slutt etter 1747, men i 1753 stemnde Foss tre namngjevne jostedøler og allmugen kollektivt for prosteretten for injuriar, skuleforsøming og kyrkjenekting.

Etter visitasen i 1755 klaga biskop Ole Tidemand over dei mange «Misforstaaelser, der have udbrudt til offentlige Trætter og Processer for baade verdslige og geistlige Retter» mellom Matthias Foss og allmugen i Jostedalen.

I denne perioden skreiv Foss òg det han er mest kjent for i ettertida: Justedalens kortelige Beskrivelse, som vart sendt til biskop Erik Pontoppidan i Bergen i mai 1750.

Den andre bispevisitasen til Foss var i juli 1749 då biskop Erik Pontoppidan visiterte i Dale. Det var truleg her Foss vart oppmoda om å skrive ei skildring frå Jostedalen. I visitasdagboka slår Pontoppidan fast at «med idelig Forflyttelse er Embedet ikke tient» på grunn av konfliktane Foss hadde kome oppi og det ulukkelege ekteskapet. Derimot sytte Pontoppidan for at sokneprestembetet i Jostedalen frå 1751 fekk 40 riksdalar årleg i overføring frå det langt rikare sokneprestembetet på Voss.

Då biskop Ole Tidemand gjorde opp status for embetsgjerninga til Foss etter visitasen i juli 1755, var oppsummeringa nedslåande. I den vesle kyrkjelyden gjer Foss «liden Gavn», og Foss sjølv var oppteken av lagnaden sin der han hadde «slidt meget ondt i Fattigdom med Kone og Børn i mange Aar». Biskopen la til at Foss «paa den anden Side har i første Embetds Aar manglet den førnødne Prudence til at tractere sine faa Tilhørere». Tilhøvet mellom Foss og allmugen var «paa begge Sider bleven saa fordærvet og ond, at den neppe nogen Tid kan blive god», meinte biskopen.

| |

Skriv ein kommentar