Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivTelekommunikasjonTelefonkomitéen 1892

Telefonkomitéen 1892

I 1892 arbeidde fleire private selskap for å få i stand telefonanlegg i Sogn og Fjordane. I 1889 opna den fyrste telefonlina i fylket (Gudvangen–Voss), og i 1892 stod lina Voss–Vik og eit telefonanlegg på Leikanger ferdig. Bergensingeniøren Jens S. K. Hopstock og Vestenfjeldske Telefonkompagni stod same året bak freistnader på å få i stand fleire utbyggingar i Sogn.

Hopstock heldt dei to fyrste vekene i desember 1892 seks telefonmøte i Luster og Hafslo. På møtet i Marifjøra 4. desember vart det sett ned lokale telefonkomitéar for Gaupne, Joranger, Fet, Døsen og Jostedalen. I arbeidskomitéen for Jostedalen sat sokneprest Theodor Børresen, lensmann Hermund Tvedt, sersjant Melchior Yttri, gardbrukar Ole Skjæret og hotelleigar Rasmus Faaberg. (Sogns Tidende, 10.12.1892).

Det er ingen spor etter komitéen i kommunestyreprotokollen for Jostedalen, så det var nok eit reint privat føretak. Det skjedde ikkje meir med telefonsaka i Sogndal, Hafslo, Luster og Jostedalen ved dette høvet, truleg på grunn av finansieringa. Vestenfjeldske Telefonkompagni sleit på denne tida med økonomiske problem.

 

| |

Skriv ein kommentar