Fylkestinget juni 1907
Etter at Stortinget sa nei til telefonanlegget i Jostedalen i 1897, vart saka liggjande. Dei neste åra vart mange telefonanlegg bygde, og i 1907 kom saka opp att. Før amtstinget skulle haldast om sommaren 1907, sende ordførar Lars R. Faaberg inn eit nytt brev der han bad om at amtstinget støtta kravet om telefon til Jostedalen. Det kom òg inn krav frå andre bygder, mellom anna Fjærland, og dampskipskomiteen i amtstinget innstilte på slikt vedtak:
1. Telefonlinjer fra Sogndal til Fjærland og fra Gaupne til Jostedalen bør være de første, som nu anlægges i Sogn.
2. Linjen Førde-Sande-Vadheim-Kirkebø bør være den første, som bygges i Søndfjord.
3. Linjen Lervik-Hyllestad-Sørebøvaag anlægges saa snart, der kan findes plads dertil paa telefonbudgettet.
4. Linjen Førde-Solemsdalen-Kvammen-Vevring bliver at undersøge i indeværende sommer, forat kunne opføres paa anlægsbudgettet for kommende aar.
Ordførar Faaberg ville ha Jostedalen prioritert på topp i amtstinget 8. juni, og han er referert slik:
Faaberg anbefaler, at Jostedalen tages først; thi dette dalføre er værst stillet. Den øvre del af dalen har 43 km. til sjøen, og veien er smal og meget udsat for skred og i vintertiden desuden delvis stængt ved snemasser. Skal lægen søges, har man derhos 1 mil sjøvei til Døsen.
Likevel fekk eit utsetjingsframlegg fleirtal med 22 mot 12 røyster i amtstinget 8. juni. Grunnen var at fleirtalet meinte dei hadde for dårleg oversyn og grunnlag til å prioritere telefonanlegga I staden vart det sagt at amtmannen måtte la kommunestyra få høve til å uttale seg før amtmannen la fram ein samla plan for telefonutbygging på neste amtsting.
Kommunestyret 15. oktober 1907
Etter utsetjinga i amtstinget sende amtmannen 20. september saka på høyring til kommunane, og Jostedal kommunestyret uttala seg 15. oktober:
Refereredes skrivelse fra N. B. [Nordre Bergenhus] amt af 20de september d. a. [dette aar] angaaende at afgive udtalelse om hvilke telefonanlæg der, den nærmeste fremtid kan bli tale om og bør komme til udførelse inden Sogn og i tilfælde i hvilken orden.
I den anledning fattedes saadan enstemmig Udtalelse:
Telefonanlægget Gaupne-Jostedalen bør komme til udførelse snarest muligt og maa saaledes opføres som no 1. Dernest Sogndal-Fjærland som no 2. samt Lervik-Hyllestad-Sørbøvaag no 3.
I høve til komiteinnstillinga i amtstinget ville kommunen altså flytte Jostedalen før Fjærland slik ordførar Faaberg hadde teke til orde for i amtstinget.
Fylkestinget juni 1908
Jostedalen fekk støtte av kommunestyra i Luster, Hafslo og Årdal, som ville prioritere Jostedalen før Fjærland. Dei andre kommunane i Sogn hadde Fjærland fyrst. Amtmannen la 23. mai 1908 fram saksutgreiinga og tilrådinga si, og der var vurderinga at både Fjærland og Jostedalen «sandsynligvis kommer til at utstaa noget længer». I Sogn ville amtmannen prioritere telefonanlegg til Solund på topp, deretter Fjærland og på tredjeplass «De viktigaste steder paa begge sider av fjorden i ytre og midtre Sogn» – Jostedalen var ikkje med i det heile.
I innstillinga si 25. juni hadde dampskipskomiteen merka seg Jostedalen:
Jostedalen er og ei avsides bygd, som so saart treng telefon. Doktaren t. d. bur 4-5 mil derifraa, so det er sers ulaglegt som det no er, og lina vil i det heila verta til stor framhjelp for denne fatige, strævsame bygdi.
Komiteen snudde likevel ikkje om på prioriteringslista, men utvida ho. I Sogn skulle to langliner kome fyrst – Solund og fjordbygdene i Ytre og Midre Sogn. Av «Sidelinor» kom 1) Sogndal-Fjærland og 2) Jostedalen, deretter Leirvik/Hyllestad og nokre fleire.
Under førehavinga i amtstinget 26. juni kom det framlegg om å setje Jostedalen bak Hyllestad-anlegget, men det vart trekt, og amtstinget vedtok tilrådinga for Sogn mot 6 røyster. Ingen gjorde framlegg om å setje Jostedalen lenger opp. Ordførar Ole E. Myklemyr er referert slik:
Myklemyr vilde helst ha Jostedalen opført som no. 1 under sidelinjer i Sogn; men her er det vel vanskeligt at opnaa det bedste. Man faar derfor slaa sig tiltaals med det næstbedste.
Jostedalen fekk elles støtte frå Lasse Trædal i Ytre Sogn (Lavik) som sa at «…det er ikke saa greit for Jostedalen heller. Forstanden tilsiger, at ta linjen i Hyllestad først, men følelsen trækker i retning af at hjælpe Jostedalen først».
Det skjedde likevel ikkje noko meir med saka. Hans Seip skriv at Arbeidsdepartementet ikkje sende prioriteringslista frå fylket vidare til Telegrafvesenet.
Kjelder
Nordre Bergenhus amts forhandlinger, 1907: 600-601, 749-750 og 858-860, og 1908: 410-422, 689-693 og 763-769.
Møtebok for formannskapet og kommunestyret i Jostedalen 1907-1915: 18a-18b.
Seip, Hans. (1958). Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, side 455-456.
Publisert av Oddmund, 21.10.2014 (sist endra 29.10.2014)
Skriv ein kommentar