Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivTelekommunikasjonTelefonsaka i Stortinget 1910-12

Telefonsaka i Stortinget 1910-12

Amtstinget si prioritering av telefonanlegget i Jostedalen i 1908 fekk ingen direkte konsekvensar. Anlegget stod på ei lang liste hjå Telegrafvesenet, men vart ikkje prioritert.

Sjur T. Næss

Sjur T. Næss

1910: Då regjeringa heller ikkje sette av midlar på statsbudsjettet for 1910-11 som vart lagd fram i januar 1910, engasjerte stortingsrepresentant Sjur Næss seg. Han sende 4. mars 1910 eit brev til  jarnbanekomiteen på Stortinget der han bad om løyving til anlegget. I innstillinga frå jarnbanekomiteen til telefon- og telegrafbudsjett, peika ein komitemedlem (Oddmund Vik, Stavanger) på jostedalsanlegget som eitt av 11 anlegg på Vestlandet som snarast burde bli bygde. Men korkje komiteen eller Stortinget gjekk inn for løyving, så formelt vart brevet til Ness sendt over til regjeringa under handsaminga av budsjettinnstillinga frå jarnbanekomiteen 12. juli 1910.1911: Då regjeringa på nyåret 1911 la fram statsbudsjettet for 1911-12, var det sett av løyving til eit telefonanlegg frå Skjolden til Turtagrø med sideline til Svensøy (Fortun). Telefonlina til Jostedalen var derimot ikkje med i budsjettframlegget, men stod på ei liste frå telegrafdirektøren med «de rikstelegraf- og telefonanlæg, som i første række maa komme til utførelse». Det var snakk om ei lang rekkje anlegg med ein samla kostnad på oppunder 10 mill kr – av dette var jostedalsanlegget kostnadsrekna til 18 000 kr. Lista var utarbeidd av telegrafdirektøren våren 1910 på oppdrag frå Arbeidsdepartementet, altså før Næss sende brevet til Stortinget.

I 1911 låg det føre ein ny bunke med søknader frå heile landet om telefonanlegg, denne gongen òg til telefonline til Urnes og Kinsedalen som fylkestinget i 1908 hadde prioritert etter jostedalslina. Noko nytt skriv om telefonanlegg i Jostedalen låg ikkje føre i 1911, korkje frå kommunestyret eller andre. Såleis vart ikkje telefonanlegget i Jostedalen nemnt i det heile då Stortinget handsama telefonsakene i 1911. Kommunestyret i Jostedalen hadde hausten 1910 handsama eit nytt spørsmål frå Telegrafvesenet om kommunegaranti ved ei utbygging, og dette hadde nok gjeve grunn til å tru at ei utbygging nærma seg.

1912: Regjeringa la 9. januar 1912 fram statsbudsjettet for 1912-13, og heller ikkje denne gongen kom det løyving til telefonanlegget i Jostedalen. Derimot var anlegget Sogndal-Fjærland no oppført – det stod framfor Jostedalen på fylkestinget si prioriteringsliste frå 1908.

Stortingsmann Næss engasjerte seg på nytt og skreiv eit brev til Stortinget 12. februar 1912 der han argumenterte kraftig for at Jostedalen no måtte få telefon. Det førte ikkje til løyving – som to år før vedtok Stortinget samrøystes å sende brevet til Næss over til regjeringa.

 

| |

Skriv ein kommentar