Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivTelekommunikasjonGjennombrot i Stortinget 1913

Gjennombrot i Stortinget 1913

Etter at regjeringa og Stortinget ikkje hadde løyvt pengar til telefonanlegget i Jostedalen 1910-12, var neste sjanse statsbudsjettet for 1913-14 som regjeringa la fram 3. januar 1913. Denne gongen hadde Telegrafvesenet i anleggsbudsjettet sitt endeleg funne plass til telefonlina Gaupne-Jostedalen med ei startløyving på 9000 kr av den budsjetterte kostnaden på 23 700 kr. Problemet var berre at departementet ikkje gjekk inn for den budsjettramma som Telegrafvesenet hadde gått ut ifrå, dermed ramla Jostedalen ut att i regjeringa sitt budsjettframelgg. Lina Skjolden-Kinsedalen fekk derimot løyving.

Dette utløyste eit stort engasjement i Jostedalen. Ein underskriftsaksjon vart sett i gang, og 21. mars 1913 vart eit opprop underskrive av 344 kvinner og menn i Jostedalen sendt til Stortinget. Det vart referert i Stortinget 9. april og oversendt jarnbanekomiteen som arbeidde med telefonbudsjettet. Kravet frå Jostedalen var løyving på årets budsjett.

Redninga for Jostedalen var at regjeringa 16. mai 1913 gjorde framlegg om tilleggsløyvingar til telefonutbygging. Dermed kom jostedalsanlegget inn att med ei løyving på 9000 kr. Av dei kom 4500 «friske» kroner og 4500 kr som var innspart på anlegget Skjolden-Turtagrø. Jarnbanekomiteen slutta seg til framlegget i budsjettinnstillinga, og løyvinga vart samrøystes vedteke av Stortinget 28. juni 1913 under handsaminga av anleggsbudsjettet til Telegrafvesenet. Dermed var endeleg den naudsynte statsløyvinga på plass, sjølv om det var presisert at løyvinga berre galdt line til Alsmo.

| |

Skriv ein kommentar