Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivTelekommunikasjonTelefonsaka i kommunestyret 1910

Telefonsaka i kommunestyret 1910

Telefonanlegget i Jostedalen stod på ei lang liste i Telegrafvesenet over anlegg som burde byggjast. Sjølv om anlegget ikkje var prioritert på budsjettet, arbeidde Telegrafvesenet med prosjektet. Ein del av dette gjekk ut på å avklare kommunen sin medverknad, og det var bakgrunnen for at kommunestyret fekk opp telefonsaka på nytt i 1910. Det var i all hovudsak snakk om å gjenta kommunegarantien frå 1897. Rett etter førre vedtak (sommaren 1897) hadde likevel Stortinget slege fast meir standardiserte krav til kommunegarantien.

Kommunestyret 19. oktober 1910

3. Behandledes skrivelse fra telegrafinspektøren i Bergens Kreds av 24. september d. a. angaaende Kommunegaranti for de frie ydelser til rikstelefon til Jostedalen. Der fattedes saadan enstemmige beslutning:

Jostedalen Kommune garanterer herved, at der til 4 rikstelefonstationer inden herredet for et tidsrum av mindst 5 aar og efter utløpet av denne tid indtil videre til anderledes av statsmyndighederne bestemmes, skaffes de for samme betingede frie ydelser nemlig:

Tilfredsstillende lokale, lys, brænde, rengjøring og budtjeneste samt av telegrafstyrelsen godkjendt betjening.

Stationer foreslaaes oprettet paa: Sperløien, Grimo, Gjerde og Faaberg.

Herredet garanterer likeledes fri grund og skogrydning til telefonlinjen.

Kjelde

Møtebok for formannskapet og kommunestyret i Jostedalen 1907-1915, s. 68a-68b.

| |

Skriv ein kommentar