Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivSkysstasjonar

Skysstasjonar

Desse skysstasjonane har funnest i Jostedalen:

  • Myklemyr (til 1886)
  • Sperle (frå 1886)
  • Mjølver/Nigard (til 1886)
  • Fåberg (frå 1886)

Viktige skysstasjonar for Jostedalen har elles vore Røneid (Luster) og Marifjøra (Hafslo) ved fjorden og Alsmo (Luster, frå 1880-åra). Lenge gjorde mangelen på skysstasjonar og andre innkvarteringsstader at reisande tok inn i Jostedal prestegard.

Sperle skysstasjon (Sperløyane), fotografert av Knud Knudsen

Sperle skysstasjon (Sperløyane), fotografert av Knud Knudsen

Skyssvesenet var dåtidas kollektivtransport. Skysstasjonane var oppretta med offentleg løyve og godtgjersle, og her kunne reisande tinge hesteskyss. Det fanst to typar skysstasjonar, tilseiingsstasjonar og faste stasjonar. På tilseiingsstasjonane måtte skysskaffaren sende bod etter hest til ein av bøndene på gardane som utgjorde skysslaget. På dei faste stasjonane hadde skysskaffaren plikt til sjølv å halde hestar.

Dei to fyrste skysstasjonane i Jostedalen var Myklemyr og Mjølver, og båe var tilseiingsstasjonar. Den bevarte skyssdagboka for Myklemyr går attende til 1837, og skysstasjonen vart kanskje oppretta då. Skysstasjonen i Mjølver fanst òg i 1837. Frå 1870-åra vart han kalla Nigard skysstasjon, men han kan ha lege i Nigard heile tida. Den bevarte skyssdagboka er påbyrja i 1875.

Dei to skysstasjonane var lite brukte. Dette går fram både av skyssdagbøkene og møteboka for kommunestyret (t.d. i 1860). Dei reisande ordna seg gjerne skyss på Røneid eller andre stader ved fjorden som dei nytta heilt fram til breen eller Fåberg utan å bruke skysskiftet på Myklemyr. Dei som kom over breen eller frå Gudbrandsdalen, skaffa seg skyss i Fåberg framfor å oppsøkje skysstasjonen i Nigard. I 1872 gjekk difor kommunestyret inn for å leggje ned skysstasjonen på Myklemyr, men Nordre Bergenhus amt, som hadde ansvaret, opprettheldt han.

I 1883 kom så spørsmålet om flytting av skysstasjonane opp, og dette vart knytt til etablering av faste stasjonar i staden for tilseiingsstasjonar. Det enda i 1886 med at Nigard vart flytt til Fåberg (Rasmus Faaberg) og Myklemyr vart flytt til Sperløyane (lensmann Hermund Tvedt). På same tida vart Røneid nedlagd slik at Marifjøra vart skysstasjonen ved fjorden – der var det dampskipskai. Det vart òg skipa ein skysstasjon på Alsmo slik at strekninga Marifjøra–Sperle vart delt på midten.

Etterkvart som vegane vart betre og bilen kom til bygdene kring fyrste verdskrigen, vart skysstasjonane nedlagde. Dei to skysstasjonane i Jostedalen vart likevel haldne oppe, og så seint som i 1931 protesterte Jostedal kommunestyre skarpt då Handelsdepartementet ville leggje dei ned. Men i 1938 var det slutt – då vart skysstasjonane nedlagde, og drosjeløyve kom i staden.

| |

Skriv ein kommentar