Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivSkysstasjonar1931: fråsegn mot nedlegging av skysstasjonane

1931: fråsegn mot nedlegging av skysstasjonane

Frå hundreårsskiftet og framover byrja nedlegginga av skysstasjonane. I Jostedalen vart stasjonane haldne oppe, men i 1931 ville Handelsdepartementet leggje dei ned. Kommunestyret protesterte då med denne fråsegna.

Kommunestyret 28. april 1931 – avskrift

5. Vart fyrehavt skriv frå Hendelsdep. med fylket si påteikning av 21. d. m. um eventuel nedleggjing av skysstasjonar i headet.

Samrøystes vedtak:

Heradsstyret vil so sterkt det kan protestere mot at den einaste skysstasjon me hev att i Jostedal skal verta nedlagd. Det seier seg sjølv, at på so lange avstande som det er her er det uråd vinters tid å skaffe dokter eller andre skyssar som det hastar med frå Marifjøra til øvst i Jostedal på nokolunde rimeleg tid, utan skifte av hest. Serleg i uføre er det ein uforsvarleg skipnad utan minst 2 skysskifte. Heradstyret vil difor so sterkt det kan telja til at stasjonen Sperle i Jostedal og Alsmo i Luster ikkje vert nedlagde som off. skysstasjonar. Aa få hest privat til dokter eller andre skyssar som det hastar med hev vist seg å vera uråd, difor hev det svarande mykje å segja at det vert ein slik ordning at ein kan koma fort fra, serleg då i sjukdomstilfelle. I samhøve hermed kan det og nemnast at den påtenkte skysstasjon i Gaupne ikkje på nokon måte kan erstatte Alsmo for Jostedal sit vedkomande.

Kjelde

Møtebok for Jostedal formannskap og kommunestyre 1925-1939, s. 103b-104a.

| |

Skriv ein kommentar