På skysstasjonane skulle det førast dagbøker over alle reisande som tinga skyss. Det skulle førast inn namn på reisande, dato, kvar dei kom reisande frå og kvar dei skulle, kor mange skysshestar dei leigde og eventuelle merknader. Her kunne dei skrive inn klagar. Futen skulle kontrollere skyssdagbøkene jamleg, og klagane vart då handsama av styresmaktene.
Mange skyssdagbøker er tapte, men framleis finst fire skyssdagbøker og ei gjestebok frå tre av dei fire skysstasjonane i Jostedalen. Alle er digitaliserte av historielaget og tilgjengelege på Issue.com. Dei tre frå Sperle er i tillegg digitaliserte av Statsarkivet i Bergen og publiserte på Digitalarkivet:
I dei to skyssdagbøkene for Sperle finn ein det gjeldande lovverket for skysstellet fyrst i protokollane.
Publisert av Oddmund, 05.11.2014 (sist endra 19.04.2025)
Skriv ein kommentar