Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivJarnbaneplanar

Jarnbaneplanar

Tidleg på 1900-talet vart det laga omfattande planar for jarnbaneutbygging i landet, og det fanst fleire framlegg til korleis ei vestlandsk stambane med kopling mellom Bergensbana og Dovrebana kunne løysast.  Den mest aktuelle lina var Vadheim-Sandane-Stryn-Otta, men den kortare «Jostedalslina» Sogndal-Jostedalen-Skjåk-Otta var framme som alternativ. Lina vart utgreidd av NSB og stikka, og ho var nemnd i «Landsplanen for jernbanebygningen» som hovudstyret i NSB utarbeidde i 1921. Planen vart vedteken av Stortinget i 1923 og markerer høgdepunktet for jarnbaneoptimismen i Noreg. Bilen hadde no fått sitt gjennombrot, og dei følgjande åra vart alle jarnbaneplanar i Sogn og Fjordnane lagde bort til fordel for vegbygging. Unntaket var Flåmsbana som var vedteken alt i 1908 og vart fullført i 1940.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar