Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivFerdsel og turisme

Ferdsel og turisme

«Nigardsbreen i Justedalen» av Knut Baade (1848), ein av kunstnarane som vitja bygda. (Nasjonalmuseet/digitaltmuseum.no)

I over 200 år har Jostedalen trekt til seg folk som har vore fascinerte av breane, fjella og dalen. Den fyrste tida var det oppdagingsreisande, kunstnarar, vitskapsfolk og eventyrarar, så var masseturismen meir og meir dominerande etter kvart som kommunikasjonane vart bygde ut. I dag er Jostedalen, og særleg Nigardsbreen, eit av dei mest kjende reisemåla i Noreg.

Ferdsel har det naturleg nok vore så lenge det har budd folk i Jostedalen, og det er nytteferdsla som har dominert. Ferdsla har frå gamalt gått i fleire retningar, både over breen til Nordfjord, over til Skjåk, over Vigdalen til Dale og ned hovuddalføret til Gaupne, Røneid og Marifjøra.

På undersidene ligg det stoff om ferdsla i Jostedalen, både nytteferdsla og turismen. Den gamle kollektivtransporten, skysstellet, har ein eigen seksjon.

Andre artiklar:

  • Stein Næss, m.fl. (red.), Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter, Oslo 1989 – fleire artiklar om nytteferdsle og turisme [digital utgåve, NBdigital]
  • Håvard Kastet: Bilfeber og turisthotell, Kjelda, nr. 3, 2009, s. 34-37. [digital utgåve, issuu.com]
  • Oddmund Hoel: 100 år sidan fyrste bilruta til Jostedalen, Jostedal skule- og bygdeavis, 2016, s. 88-90 [digital utgåve]
| |