Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivVegane

Vegane

Jostedalen har vore eit krevjande dalføre å lage vegar i. Lang avstand til fjorden og tronge gjøl gjorde det vanskeleg å byggje vegar før ein kunne lage tunnelar. Lågt folketal og svak økonomi gjorde at det heller ikkje var lett å reise midlar lokalt til å byggje vegar. Det var den auka satsinga på vegbygging av fylkeskommunen og seinare staten som gjorde det mogleg for Jostedalen å få veg som var køyrande med hestereiskapar mot slutten av 1800-talet og med bil frå kring fyrste verdskrigen.

Eit utval framstillingar av vegsoga til Jostedalen er:

Kulturhistorisk leksikon (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) har fleire artiklar om vegar i Jostedalen.

Vegen gjennom Haukåsgjelet vart bygd i åra 1889-1891. Her er vegarbeidarar fotograferte i samband med fint besøk, vegdirektør Hans Hagerup Krag (med krossreim i midten) og amtsingeniør Christopher Engebreth Borch (med klokkekjede i midten til høgre). Sju mann held på ein reiskap, og elles er biletet interessant med omsyn til arbeidsklede. (Fylkesarkivet, SFFf-100057.110607)

| |