Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingar1814: Val til Riksforsamlinga

1814: Val til Riksforsamlinga

Våren 1814 skulle Jostedalen som alle andre prestegjeld, vere med på valet til ei grunnlovgjevande forsamling. Her følgjer adressa som vart vedteken av allmugen i Jostedalen. Tøger Kruna og Rasmus Fåberg vart med denne fullmakta dei to fyrste folkevalde i Jostedalen.

jostedal-fullmakt-1814Avskrift

Til Hans Kongelige Høihed, Norges Regent!

Naadigste Regent!

Har den blotte Tanke, at underkastes det Svenske Aag, stedse været Normanden ubehagelig, da kunde Deres Kongelige Høihed vist ikke vise dette sa betrængte Folk større Naade, end at ville hævde dets Selvstændighed, og tilbagegive det sin tabte Fred og Velstand; underdanigst vove vi derfor at aflægge vor Taksigelse for denne Deres Kongelige Høiheds høieste Naade.

Til Menighedens Repræsentanter have vi, efter høieste Befaling, underdanigst udvalgt og herved befulmægtige
1. Rasmus Larsen Faaberg, og
2. Tøger Larsen Krone.

Gud, i hvis Haand Deres Kongelige Høihed har overgivet Deres og Norges retfærdige Sag, tage Dem i sin naadige Varetægt, og velsigne Dem og Folket!

Justedal, den 18de Marts 1814.

Underdanigst

Schjødt, Johannes Bierch, Sjur Breum, Tøger Krone, Rasmus Faaberg,

Alle med egen Haand; men Følgende med paaholdt Pen.

Hans Hellegaard. John Snethun, Erik Kjærvig. Erik Aasen. O. Mjelvær. Claus Elvekrogen. Peder Snethun. Knud Kjærvig.

Kjelder

Fuldmagter og Adresser, overantvordede Norges Regent, Hans Kongelige Høihed Prinds Christian Frederik, fra det Norske Folks Deputerede ved Rigsforsamlingen i Eidsvold, den 10. april 1814. Første hefte. Christiania 1814, side 37-38. [Digital utgåve, NBdigital]

Original: Fullmakt for Jostedalen, Statsrådssekretariatet, Digitaliserte dokument (RA/S-1001/D/Db/L0008), 1814-1814, oppb: Riksarkivet. (Publ. 16.5.2011)

Merknader

Kieltraktaten 14. januar 1814 slo fast at Danmark, som ein av dei tapande partane i Napoleonskrigen, skulle avstå Noreg til Sverige. Den norske eliten med kronprins Kristian Frederik i spissen organiserte eit opprør mot dette, og den 16. februar vedtok det sokalla Notabelmøtet på Eidsvoll å kalle inn til ei grunnlovsgjevande forsamling. Den 19. februar sende Kristian Fredrik ut ei kunngjering om at alle prestegjeld skulle velje to menn til ei distriktsforsamling, som så skulle velje tre representantar frå fylket til Eidsvoll. Dette skulle skje på ein bededag i kyrkja fyrste fredag etter at brevet var motteke.

Vala i prestegjelda i Nordre Bergenhus amt føregjekk 18. mars 1814 (Eivindvik 11. mars). På denne sundagen svor allmugen og presten i Jostedalen eid om å forsvare fedrelandet (sjå kyrkjeboka). Dei valde òg utsendingar til amtsmøtet og vedtok adressa (fråsegna) ovanfor. Amtsmøtet vart halde  i Vik 30. mars, og der vart dei tre utsendingane frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll valde. Det var sorenskrivar Lars J. Irgens (Sogndal), sokneprest Nicolai Nielsen (Fjaler) og gardbrukar og postopnar Peder Hjermann (Lærdal).

Utsendingane og underskrivarane
Dei to som vart valde frå Jostedalen, Tøger Larsson Kruna (39) og Rasmus Larsson Fåberg (37), var brør og søner av mangeårig lensmann Lars Tøgerson Snøtun. Både Rasmus og Tøger møtte på valmøtet i Vik. Me merkar oss her at jostedølene sende to bønder og ikkje presten til amtsmøtet.

Interessant er det òg at av dei 12 bøndene som skreiv under adressa, var det dei to yngste som vart valde til utsendingar. Vidare ser me at alle dei seks yngste (Rasmus Fåberg (37), Tøger Kruna (39), John Andersson Snøtun (43), Peder Andersson Snøtun (48), Knut Erikson Kjervik (49) og Claus Olson Elvekrok (51)) var mellom dei 17 bøndene som svor eid til Grunnlova på bygdetinget og skaffa seg røysterett alt i 1814-15. (Sjå Jostedøler med røysterett 1814-1823)

Dei seks eldre (Sjur Olson Breum, Hans A. Hellegård, klokkaren Johannes Asbjørnson Hus, Otto Paulson Mjølver, Erik Andersson Åsen og Knut Knutson Kjervik) var 53-73 år, og av dei skaffa berre Johannes Hus seg røysterett seinare. Fire av dei var ikkje kvalifiserte fordi dei var kårfolk, men det er uvisst kvifor ein framståande mann i bygda som Sjur Breum aldri ordna seg med røysterett. (Sjå meir om dette.)

Meir informasjon
Det er lagt ut særs mykje om 1814 og Grunnlova på nettet i høve 200-årsjubileet. Nokre viktige nettressursar:

| |

Kommentarar

Kommentar frå Vidar
Tid: 17. mai 2011, 00:21

Same karane.

Det eldste stovehuset på Nedre Fåberg i dag er steinstova, som skal ha vorte oppsett mellom 1803 og 1809. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825) med bror sin Tøger Larsson Kruna på Kruna om kven som kunne byggja tyngste huset. Rasmus vann klart med steinstova.[

http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Nedre_F%C3%A5berg_(Jostedalen)

Skriv ein kommentar