Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivVeganeLeksikonartiklar

Leksikonartiklar

Fylkesarkivet har ei rad illustrerte artiklar om gamle vegar og vegminne i Jostedalen i Kulturhistorisk atlas og leksikon. (Dersom peikarane ikkje verkar, kan ein bruka søkjefunksjonen i leksikonet.)

Jostedalsvegen
Jostedalen var lenge eit svært isolert dalføre. Den store breelva går i tronge gjel, og det var vanskeleg å få farbar veg til sjøen. Rundt midten av 1800-talet såg fylket det som si oppgåve å gi innlandsbygdene vegutløysing til sjøen, og fylket gav si første bygdevegsvegløyving til Jostedalen i 1842.

Gamlevegen Mjølver – Bjørnstegane
Frå Mjølvergrendi, bygda ved Breheimsenteret, gjekk det frå gammalt av ferdselsveg framover dalen på vestsida av elva – til stølen Bjørnstegane. Vegen vert lite brukt no, men han er framleis godt synleg i terrenget.

Gamlevegen over Haukåsen
Ved det nedlagde småbruket Husøy kring 12 km oppe i Jostedalen, går det bru over det tronge Haukåsgjelet og veg opp til Vigdal. Jostedalsvegen held fram gjennom tunnell som vart opna i 1959. Langs gjelet syner restar etter vegen som vart bygd her i åra 1889-1891. Før 1891 gjekk Jostedalsvegen høgare oppe, over Haukåsen.

Den gamle ferdselsvegen frå Ormbergstøl til Vigdal
Jostedal hadde i eldre tider to vegar til omverda sør i kommunen. Den eine gjekk ned dalføret til Gaupne. Den andre tok opp frå Ormbergstøl til Vigdal, over Storehaug og ned Dalsdalen til Dale i Luster. Stykket frå Ormbergstøl til Skardet i Vigdal er kring to kilometer.

Dei gamle stølsvegane til Stordalen
Folk og fe har i uminnelege tider ferdast til og frå Jostedal i nord, – til Gudbrandsdalen over fjellpartiet Handspiki, og til Nordfjord over storbreen. Det vart etter kvart også mykje ferdsle på begge sidene av elva til og frå dei tre stølane i Stordalen – øvste delen av Jostedalen.

Bruer over Leirdøla på Jostedalsvegen
Brusambandet over Leirdøla på Jostedalsvegen er eit særs interessant stykke veghistorie. Her er to bruer, – ei betongbjelkebru av nyare dato og ei stålfagverksbru frå 1934. Dessutan er det restar etter ei eldre steinbru, og namnet Leirdøla bro innhogge i berget.

Bruene i Sprongdalen
Ein gammal ferdselsveg frå Sogn og Fjordane til Gudbrandsdalen gjekk frå Jostedal over fjellpartiet Handspiki til Sotasæter og Skjåk. Ved kraftutbygging på 1980-talet vart det bygd anleggsveg frå Fåberg opp til Styggevatnet som ligg på vel 1100 m o.h. Vel fire kilometer før Styggevassdammen, kryssar vegen elva på ein stad som heiter Viva. Like ovanom brua er det synlege spor etter to eldre bruer.

Den gamle brua over Vetledøla
Frå Fåbergstølsgrandane i Storedalen (øvste delen av Jostedalen) går Sprongdalen nordaustover opp til Styggevatnet på vel 1100 m o.h. Ein dryg kilometer framme i dalen kjem Vetledøla ned frå Vetledalen. Det kunne vera vanskeleg, jamvel umogeleg, å koma over her når det var stor vassføring og det ikkje var bru.

Brevegen
”Her har det vori lite gjort til denne tid, men vilkåri er her. Naturi er skiftande med brear og fjell, fossar og vatn og mildt og sterkt i fager sameining. Ein lekk i rett lei er det no ein no byggjer bilveg til Nigardsbreen” (Sitat frå møteboka til kommunestyret i Jostedal 1957 om sak – turistnæring.)

| |

Skriv ein kommentar