André Horgen. (1999). Ferdselen på Jostedalsbreen 1740-1940. Fra naturliv til friluftsliv. Hovedfagsoppgave i idrett. Høgskolen i Bø/Norges idrettshøgskole.
I dette forskingsarbeidet har Horgen granska korleis ferdselen over Jostedalsbreen endra seg i 200-årsperioden fram til 1940 då den tradisjonelle ferdselen var slutt. Han har kartlagt både kven som ferdast på breen, korleis ferdselen gjekk føre seg og kva føremål han hadde. Hovudoppgåva byggjer på eit stort tilfang av primærkjelder og tidlegare litteratur om ferdselen og er det grundigaste forskingsarbeidet om ferdselen på Jostedalsbreen.
Horgen er dosent i friluftslivsfag ved Universitetet i Søraust-Noreg og har late historielaget få publisera hovudoppgåva her.
Last ned oppgåva (pdf, merk: 10 Mb!)
Publisert av Oddmund, 28.12.2008 (sist endra 19.04.2025)
Skriv ein kommentar