Før kraftutbygginga i Breheimen vart det gjort arkeologiske og vegetasjonshistoriske registreringar og granskingar. Generelle registreringar vart utførde i støls- og høgfjellsområde i Stryn og Jostedalen sommaren 1980-81. Etter at det vart gjeve konsesjon til utbygging av Jostedalsvassdraget, vart dei vidare granskingane konsentrerte om jostedalssida. Dei arkeologiske og botaniske registreringane og granskingane vart så gjorde i sommarsesongane 1982-84 under leiing av arkeologen Kjersti Randers og botanikaren Mons Kvamme. Arbeidet vart finansiert av Statkraft.
Granskinga gjekk hovudsakleg føre seg i stølsdalane på austsida av hovuddalføret, og i fjellområda aust og nord for stølane, særleg i Styggevatn- og Austdalsområdet som skulle demmast ned. Dei arkeologiske og botaniske granskingane kasta nytt og viktig ljos over den fyrste bruken av Jostedalen og den fyrste busetnaden. Det vart mellom anna dokumentert at det har vore beiting i 3000 år i området kring Fåbergstølen, og at mange stølar var i drift i mellomalderen (11-1200-talet).
Det vart publisert fleire rapportar, som sidan har vore den viktigaste kjelda til kunnskap om den eldste soga til Jostedalen. Rapportane kan framleis kjøpast (billig) hjå Bergen Museum.
Kart over hovudfunngruppene (pdf, frå Alfred Espe: Jostedalen frå istid til sjølveigartid, 2002)
Rapportar
Publisert av Oddmund, 19.05.2007 (sist endra 19.05.2007)
Skriv ein kommentar