Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Biografi1763-92: Einsam i Jostedalen

1763-92: Einsam i Jostedalen

I 1763 var Foss 49 år. Familien hadde gått i oppløysing, og etter omtalene hadde den fråseparerte kona Marie og dei fleste eller alle av dei attlevande borna flytt frå bygda. Dei to døtrene var på dette tidspunktet 21 og 20 år, og sønene var 19 og 16 år.

Foss hadde tidlegare ikkje nådd fram med ynska sine om å bli flytt til eit anna prestekall, og etter separasjonen i 1763 var nok all von ute. Dei siste 30 åra av livet hans er det òg langt mindre å høyre om Foss og embetsførsla hans. Det tyder nok på færre konflikter enn dei fyrste åra og ein sokneprest som gjorde mindre av seg. Kyrkjeboka for 1751-1770 er tapt, men kyrkjeboka frå og med desember 1770 er teken vare på og dokumenterer embetsførselen til Foss, veke for veke.

Familielivet heldt fram like ulukkeleg som før. I 1770 skal borna Cathrine Malene (27) og Magnus (23) ha døydd. I 1771 fekk eldstedottera Hedvig Kirstine dottera Elisabeth utanfor ekteskap med ein gullsmed på Hafslo, men Elisabeth døydde 16 dagar gamal. Foss både døypte og jordfesta barnet. Sonen Jørgen fekk i 1772 sonen Andreas, også utanfor ekteskap, og han døydde kort tid etter fødselen. Jørgen gifte seg i 1773 og fekk i 1776 det einaste barnebarnet til Foss som levde opp.

Den fråseparerte kona heldt fram med å skape problem for Foss. I 1775 vart Marie pågripen for betleri (tigging) og innsett på tukthuset. Eit brev frå biskopen til prosten om hendinga viser at øvrigheita tok dette ille opp og heldt Foss ansvarleg. I 1777 døydde Marie, og skiftet viste ei gjeld på nokre titals riksdalar som Foss måtte ta på seg å dekkje.

Foss overlevde alle borna sine. Hedvig Kristine døydde i 1783, 41 år gamal og Jørgen i 1791, 47 år gamal. Den einaste etterkomaren som levde då Foss sjølv døydde, var Jørgen sin son Andreas (fødd 1776).

I omtala av Foss i kallsboka, som vart nedskriven i 1830, står det nokre opplysningar som truleg baserer seg på ein munnleg lokal tradisjon. Her heiter det: «I de sidste Aar af hans Embedstid begyndte adskillige Uordener at indsnige sig, fornemmelig som en Følge af den uforsvarlige Kroehold, hans Huusholderske, Maren Svaboe, tillod sig, endog under selve Prædiken. Og som den Gamle enten ei saae eller ikke havde Kraft nok til at afskaffe.»

I kallsboka heiter det òg at Foss «Uden tvivl har han været svag og meget overtroisk».

Foss heldt ut til det siste og skjøtta embetet sitt til to veker før han vart sjuk og døydde 31. januar 1792, 77 år gamal.

| |

Skriv ein kommentar