Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Hesjevoll-utstillinga: liste over gjenstandar

Det er no lagt ut ei liste over gjenstandane som vart utstilte i samfunnshuset i helga. Sogn Avis (papirutgåva) har i dag eit fint oppslag om marknaden og utstillinga, og på nettet ligg det ein biletserie.

Wergeland og Collett om Jostedalen

I 1834 søkte Henrik Wergeland prestekallet i Jostedalen utan å få det. Systera Camilla Collett gav 21 år seinare ut romanen Amtmandens Døttre der kapellanen Adolf på same vis som Wergeland sleit med å få seg prestekall, og Adolf fekk «ikke engang Justedalen! Vi kan vente en god stund innen han får noe!», sukkar gifteklare Amalie.

No finn du både prestesøknaden til Wergeland og utdraget frå Amtmandens Døttre under Kyrkjehistorie.

Hesjevoll-utstillinga avslutta

Publikum under Hesjevoll-utstillingaI ettermiddag vart Sjur Hesjevoll-utstillinga teken ned, og ein kunne oppsummere at ho vart ein stor suksess! I alt 52 måleri og 34 dekorerte gjenstandar av tre var utstilte. Vaktene bad alle gjester skrive seg inn i ein utlagd protokoll, som til slutt talde 419 namn. Utstillinga var open i tretten timar dei to dagane, og dette vil seie at det i snitt kom inn ein ny person i utstillinga oftare enn annakvart minutt! Mange tok seg god tid og kom attende fleire gonger og båe dagar (berre nokre få skreiv seg to gonger inn i protokollen), så det var eit jamt mylder i utstillingslokalet.

Sjå meir under Utstillingar (ny kategori). Her vil meir stoff om Sjur Hesjevoll bli lagd ut etter kvart.

Sjur Hesjevoll-utstillinga opna i dag

Håkon HøgemoAud Fossøy og Håkon HesjevollDei kring 80 frammøtte fekk ei fin stund då Sjur Hesjevoll-utstillinga i samfunnshuset opna i føremiddag. Storspelemann og slektning Håkon Høgemo opna det heile med ein slått og fekk alle i stemning før Aud Fossøy frå styret i Jostedal historielag ynskte velkomen.

Håkon Hesjevoll sa nokre ord om utstillinga som han hadde hatt hovudansvaret for å utforme i salen i samfunnshuset. Oppunder 80 kunstverk er utstilte, mest måleri, men òg ein del trearbeid og rosemåling.

Kåre ØvregardSjølve opninga stod Kåre Øvregard føre med eit fengjande kåseri om Sjur Hesjevoll som person, biletkunstnar, spelemann og ungdomslagsmann. Håkon Høgemo heldt så ein minikonsert med fire slåttar Sjur Hesjevoll ofte spela. Initiativet til utstillinga kom frå Magne Hesjevoll, og Lidvin Hesjevoll har gjort eit viktig arbeid med å få utstillinga i stand.

Magne Hesjevoll, Kåre Øvregard, Håkon Høgemo, Lidvin Hesjevoll og Håkon HesjevollUtstillinga vert ståande så lenge marknadshelga i Jostedalen varar – laurdag 18. og sundag 19. juli. Alt fyrste dagen hadde eit par hundre skrive seg inn i boka som var lagd ut. I samband med utstillinga er alle kunstverka registrerte og fotograferte, og dette vil bli gjort tilgjengeleg for ålmenta seinare.

Opning av Sjur Hesjevoll-utstillinga

Hesjevoll-familien og historielaget har samarbeidd om utstillinga av måleri og noko trearbeid av jostedalskunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll (1914-1994). Utstillinga er no oppsett i Jostedal samfunnshus. Alle er velkomne til opninga laurdag 18. juli klokka 11. Kåre Øvregard talar og opnar utstillinga, og spelemannen Håkon Høgemo syter for musikalske innslag. Utstillinga er open under marknadshelga i Jostedalen 18.-19. juli.

Vel møtt!

Nytt på nettsida

Det er den siste månaden lagt ut ein del nye dokument.

Kyrkjehistorie Ny hovudkategori (sjå menyen til venstre). Bakgrunnen er 350-årsjubileet for Jostedal kyrkje i 2010 og jubileumsskriftet som soknerådet er i gang med. Her er det lagt ut ein god del kyrkjehistoriske dokument, og dessutan peikarar til dokument som er lagde ut tidlegare.

Jon Laberg: Jostedalen. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der (under Kjelder) Dette viktige skriftet om jostedalssoga ligg no i fulltekst på nettet (PDF).

Biskop Jacob Neumanns reiseskildring frå visitasen 1823 (under Topografiske skildringar) Neumann skreiv ei omfattande reiseskildring frå visitasen i Sogn og Sunnfjord sommaren 1823 (prenta 1824). Han har eit langt stykke frå Jostedalen som har vore mykje sitert. No kan det lesast her i fulltekst.

Jostedalen på preste-CV-en

Teologane som tok dei verste jobbane, kunne rekne med å få betalt for det når dei søkte betre stillingar seinare. I 1800 meinte biskopen i Bergen at det å vere prest i Jostedalen kunne jamførast med å vere misjonær. Les attesten

«Ovrongen»?

Ved Universitetet i Oslo arbeider dei med eit stort 12-bandsverk om det nynorske skriftmålet og dei norske dialektane som skal vere ferdig i 2014. Frå Dagfinn Worren ved ordboka har me fått spørsmål om ordet «ovrongen» er kjent i Jostedalen. Det skal tyde den harde skaren om morgonen før sola mykjer han opp. I artikkelen «Breden og bygda» (1955) skriv T. O. Eide følgjande (s. 29):

«Når så jostedølene skulle attende [frå Nordfjord], drog dei opp i skogavakset (tregrensa) og la seg føre om kvelden. Og når sola spratt i tindane, gjekk dei bortover breden, rett på sola. Når dei gjorde det på denne måten, så hadde dei sine gode grunnar for det: breden var lett å gå på når det var frose i nattekulden. Dei måtte nytta «ovrongen», den harde skaren, før sola mykte snøen.»

Historielaget har så langt ikkje kjennskap til at «ovrongen» faktisk har vore i bruk i Jostedalen, men om nokon skulle ha høyrt det, er me takksame for opplysningar.

Artikkelen til T. O. Eide er særs interessant også av heilt andre grunnar. Han inneheld ei grundig skildring ikkje minst av øydeleggingane som breen valda på 16- og 1700-talet i Jostedalen og andre brebygder. Me har difor lagt han ut på nettstaden.

Les heile artikkelen.

Årsmøtet 12. mars

Laget heldt årsmøte 12. mars. Olav Stølen vart attvald som leiar, det same vart alle andre tillitsvalde. Årsmeldinga vart godkjend, og arbeidsplan vedteken. Følg peikarane for å finne ut meir.

Arbeidsplan for 2009

Vedteke på årsmøtet 12. mars 2009 Les meir »