Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Skulehistorie

Folkeskulelova av 1889 kravde at skulestyra skulle utarbeida femårsmeldingar om folkeskulen i herada. Dei to fyrste femårsmeldingane frå Jostedalen (1891-1900) kan no lesast under den nye kategorien Skulehistorie (sjå menyen til høgre).

Artikkel: Vegvisarvesenet for Jostedalsbreen

André Horgen har sendt oss ein ny artikkel, denne gongen om oppbygginga av eit offentleg førarvesen for Jostedalsbreen på 1800-talet. Her er mykje interessant både om organiseringa og jostedølene som var førarar.

Les artikkelen (pdf)

Ny artikkel: André Horgen om førstebestigninga av Lodalskåpa

Kan lesast (pdf) under den nye kategorien Ferdsel.

Ny kategori: Ferdsel

Det er no laga ein ny kategori, «Ferdsel», i menyane både for statiske sider (til venstre) og for korte meldingar (til høgre).

Her finn ein stoff om historia til ferdsel, reiseliv og fjellsport i Jostedalen.

Nokre gamle sider og meldingar er flytte til den nye kategorien.

På Store Skagastølstind i 1827?

Store Skagastølstind i 1908 (frå Turtagrø si samling)Historielaget er kontakta av Arne Larsen i Oslo som arbeider med ei bok om dei tre fyrste bestigningane av Storen. William Cecil Slingsby var etter vanleg kunnskap den fyrste på toppen i 1876.

Men det har òg gått rykte om at nokon var på toppen alt i 1820-åra. I boka Emanuel Mohn og Jo Gjendes fotspor (av Trygve M. Røer, 2004) blir utdrag av eit brev frå Aage Lammers frå 1906 attgjeve. Han hevdar at far hans, Amund Lammers (bergmeistaren?) var på Store Skagastølstind i 1827 saman med ein Berge. Berge gav seg før toppen, men Lammers nådde heilt opp og la att nokre myntar.

Larsen fortel at i brevet skriv Aage Lammers at han var i Fortun i 1905 og då kom i prat med ein fjellførar, Ole Øiene. Han spurde om det ikkje hadde vore folk på Storen før Slingsby 1876 og fekk til svar at det gjekk rykte om at det hadde vore folk på toppen 70-80 år tidlegare.

Luster sogelag er nærast til å svara på dette, men me spør no likevel: er det nokon som har kjennskap til noko kring dette? Skriv ein kommentar nedanfor eller kontakt Arne Larsen direkte.

Spørsmålet var framme på Fjellforum for eit par år sidan.

NRK har ein festleg film frå 1918 om klatring på Storen.

Årsmøtet

Olav Stølen under lanseringa av “Glør i grua” av Lars Stølen, november 2006Laget heldt årsmøte på Jostedal hotell onsdag 12. mars med 15 frammøtte. Styremedlem Olav Stølen vart vald til ny leiar etter Aud Fossøy, som held fram i styret. Det var elles ingen endringar i styret eller andre verv (sjå styrelista).

Ann Kristin Sperle og Kristen Ormberg orienterte om stadnamnprosjektet og synte fram korleis det vil bli sjåande ut på fylkesarkivet si kartteneste på nettet når det er ferdig, vonleg til sommaren.

Årsmelding, rekneskapar og arbeidsplan vart godkjende.

Arbeidsplan for 2008

Vedteke på årsmøtet 12. mars 2008. Les meir »

Årsmelding 2007 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 12. mars 2008. Les meir »

Årsmøte 12. mars

Det er årsmøte i laget onsdag 12. mars klokka 19.30 på Jostedal hotell. Ann Kristin Sperle og Kristen Ormberg orienterer om stadnamnprosjektet. Vanlege årsmøtesaker. Alle er velkomne!

Jostedalsbredens Turisthotel

323465.jpgFylkesarkivet har no lagt ut ein artikkel i Kulturhistorisk leksikon på Internett om gamlehotellet i Kroken, skriven av Hermund Kleppa.

Det er sikkert mange som har utfyllande opplysningar, og dei er både Kleppa og me interesserte i. 

Artikkel under «Kulturminne»

Les artikkelen i Kulturhistorisk leksikon
Sjå òg artikkelen i NRK sitt fylkesleksikon