Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Rapport om gjenbrukte materialar i kyrkja

Framside - Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke?Rapporten frå den siste granskinga av kyrkjebygningen er no komen, skriven av Ola Storsletten som var på synfaring i kyrkja 17. juni. Eit viktig føremål med granskinga var å finne ut om det er gjenbrukte delar frå ei tidlegare stavkyrkje som det er mogleg å få datert dendrokronologisk (årringsdatering). Storsletten har ikkje funne delar som utvitydig er frå mellomalderen, og som har barkkant, noko som er naudsynt for å datere året stokken vart hogd.

Derimot samsvarar rapporten med det Anne Marta Hoff la fram under føredraget i kykja 26. juni: At store delar av koret (bortsett frå tre omfar) må ha høyrt til kyrkja som stod fram til 1660. koret har altså truleg vorte bygt om lag slik det står i dag inntil den tidlegare kyrkja. Det gjer det særs interessant å prøve å få ei datering av stokkane i koret. Byggjeåret for koret vil vere eit særs viktig tilskot til bygningshistoria for kyrkja.

pdfLes rapporten: Ola Storsletten: Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke? NIKU oppdragsrapport 140/2010

Skriv ein kommentar