Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2006 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 18.3.2007.

Styret
Styre etter årsmøtet 16.3.2006 har vore som før:
Leiar: Aud Fossøy
Kasserar: Einar Blikra
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Olav Stølen
Styremedlem: Lars Neset
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Det har vore to styremøte.

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud (vara: Halldor Sperle)
Ansvarlege for Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Ansvarleg for kvernhuset: Alfred Tuften
Ansvarleg for skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjærvik

Stadnamnprosjektet
Ann Kristin Sperle vart engasjert i januar 2006 for å fullføre arbeidet med stadnamninnsamlinga i bygda. Ho samordnar og kontrollerer namnesamlingane, skriv dei inn på data, kartfestar namna og får lese inn uttale. Dette arbeidet vil vere ferdig i løpet av våren 2007. Deretter vil Fylkesarkivet leggje det inn i namnebasen sin på Internett. Prosjektet fekk eit stort oppslag i Sogn Avis 26.2.2007 og fyldig omtale av Ann Kristin i JSA 2006.

Arkeologiprosjektet
I 2006 var dei to masteroppgåvene ferdige, Anne Mette Haugen om «Veier og kommunikasjon i Jostedalen» og Ann Katrine Sivertsen om «Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna». Det er så langt grave kring 40 sjakter og datert 28 kolprøver. Det er aktuelt å følgje opp prosjektet med å analysere fleire av dei prøvene som alt er tekne (datering og pollenanalyse), grave nokre fleire sjakter og syte for ei brei formidling av resultata.

Gamle fangstanlegg i fjellet
På årsmøtet i mars 2006 fortalde Sverre Fossen og Einar Ese om arbeidet dei har gjort med å finne att og registrere gamle fangstanlegg i fjellet (dyregraver, bogastille m.m.). Tre kart med registreringane deira er lagde ut på Internett, og historielaget vil hjelpe til med å gjere stoffet kjent.

Gamle klede
Bunadskleda frå Kruna og barne- og kvinnekleda som Alfred Horpen let etter seg, kom på plass i nye montrar på Breheimsenteret vinteren 2006. Seinare er det kjøpt to utstillingsdokkar, og utstillinga er forbetra. Det står att å skrive tekstar til utstillinga.

”Glør i grua” av Lars Stølen
Lars Stølen gav i 2006 ut dikt- og songsamlinga ”Glør i grua” sjølv i eit lite opplag. Hausten 2006 gjekk historielaget, Jostedal spel- og dansarlag og Luster mållag saman om å hjelpe til med ei utgjeving i større opplag. Boka vart lansert på ein ’Lars Stølen-kveld’ med godt frammøte på Jostedal hotell 19. november. Spel- og dansarlaget stod for programmet, og Olav Stølen tala om bror sin.

Berget og kvernhuset
Det er gjort noko mindre vedlikehaldsarbeid på stovehuset i Berget og kvernhuset på Nigardsgrandane.

Internettsider
Historielaget har hatt eigen nettstad på Internett sidan november 2003. Her ligg det no mykje stoff om soga til dalen og aktiviteten til historielaget. Adressa er https://www.historielaget.jostedal.no.

Skriv ein kommentar