Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Stor potetdag

Marit Elvekrok vann NM-kvalifiseringa i potetskrelling med Gunhild Brun på andreplass. Dei skal dermed delta i NM på Hamar 11. oktober. På ein god tredjeplass mellom dei ni deltakarane kom Ellen Fossøy. Dei fekk premie frå banken, som òg er med på å sponse Hamar-turen. Kultursjef Erling Bjørnetun leia det strenge domarpanelet som diskvalifiserte fleire kilo potet som ikkje var godt nok skrelte. Sogn Avis har ein større reportasje frå tevlinga og ein fin biletserie frå potetdagen laurdag 27. september. Gode bilete finn ein òg på Bakkebloggen.

Oppunder 100 folk var innom i Samfunnshuset. Dei fekk seg mykje god mat: potetgraut, potetsuppe, flatbrød og ikkje minst potetkaker. Potetgull og pommes frites med pølse vanka det òg. Mykje av tillaginga føregjekk inne i salen.

Olav Stølen, general for tilstellinga, heldt eit levande føredrag om potetdyrking og poteta si soge frå Peru til Åsastølen. Han hadde òg fått tak i 18 ulike potetsortar som vart utstilte, mellom anna jostedalens spesialitet: «blåepota» som berre finst her.

Bak i salen hadde skulen og barnehagen stilt ut mykje flott dei hadde laga til: potetdokker og troll, potettrykk, teikningar, dikt og songar.

Bak tilstellinga laurdag stod helselaget og historielaget. Fredag var det eit eige opplegg for skulen og barnehagen som Kulturentreprenørane stod bak.

Skriv ein kommentar