Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2013

Vedteken på årsmøtet 7. mars 2013.

1. Kverni. JH fekk (i 2012) 3000,- kr. i støtte frå Luster kommune til å forsterke luker ved vassinntaket. Diverre nådde me ikkje arbeidet i fjor, og fekk overført midlane til i år. Den same med støtte på 2000,- kr. til vøling av sjølve feste for kvernkallen og løfte innstilling.

Desse to arbeida må prioriterast og gjerast så snart snøen er borte og det er til å arbeide.

2. Skulehuset. Opprydding og uttynning av skog på tomten, ettersyn, småreparasjonar på huset. Og så må huset målast opp att utvendig. Vidare må det lagast 2-3 enkle og gode benker/sitjeplassar.

3. Berget. Her skulle det i år vere vere tale om mindre vedlikehald, slått og rydding rundt husi. Så er JH i kontakt med Geir Vetti om å få lage ein samla plan for restaurering/vedlikehald av alle hus, inklusiv jordkjellarar.

4. Stadnamnprosjektet. Avslutte arbeidet med registrering av stadnamn over 800 meter og gjere ferdig «fjellkarti» Elles har JH teke på seg å koordinere arbeidet med Fylkesarkivet med omsyn til stadnamni i heile Kommunen.

5. Opprydding på Gamlevegen frå Ormbergstøl – Høgebrui. Vegstrekninga har vore haldi med dugnadsarbeid. Men, stormen «Dagmar» slo skog innover vegen som nå må ryddast vekk. JH har søkt om Smil-midlar til leigd arbeid.

6. Vegsoge om Jostedalen. Saman med Per Birger Lomheim fortset JH arbeidet.

7. Tilskiping.

Berget. I likheit med siste år vil JH skipe til «vårkveld» eller «haustkveld» i Berget.

Skulehuset. Markering av «språkåret» med kaffi og song.

Stadnamnsamling. Saman med Fylkesarkivet ynskjer sogelaga i Kommunen eit møte / samling for å summere opp på arbeidet. Tidspunktet er ikkje fastlagt, men så vidt mogleg vert det i november.

Turar. Ormbergstøl – Vigdalen og andre turar på «Gamlevegen».

8. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid / tilskipingar som laget må ta del i.

Skriv ein kommentar