Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2015

Vedteken på årsmøtet 18. mars 2015.

1.      Berget. JH sende, i november siste år ei skriftleg utgreiing til eigarane om restaurering og framtidig langsiktig leigeavtale om Berget. Denne delen må på plass før det kan setjast i gang med større tiltak. Laget vil gje prioritet til  å få ei avgjerd på plass så snart som mogleg.

Elles er det viktig med det årlege vedlikehaldet og tilsynet vår og haust, herunder slått og rydding rundt husi. Dei som har tilsynet, kallar inn til dugnadsarbeid og hyggeleg samvær!

2.      Kverni. Der er ein del mindre utbetringar på lukene nærmast kverni, men ut over dette skulle kverni ikkje krevje det store arbeidet i år.

3.      Skulehuset. Her er det og tale om vanleg vedlikehald og rydding og slått rundt på tomten. Ansvarleg kallar inn til dugnad.

4.      Stadnamnprosjektet. For JH vil arbeidet ikkje vere så omfattande som i tidlegare år.

5.      Opprydding på Gamlevegen frå Ormbergstøl til Høgebrui. Arbeidet er i gang, og det er rydda mellom Åsen og Bruheim. I år er det strekninga frå Ormbergstøl til Åsen og frå Bruheim til Høgebrui som må ryddast. (Tilskot frå Kommunen på 15.000,-kr.)

6.      Fossabrui. Er kanskje den eldste brui i Dalen og svært viktig for den gamle ferdavegen på austsida. Den krev no restaurering, og til det har me fått raus støtte i SMIL- midlar (78.500,- kr), men ikkje nok til «fullfinansering» Det er svært viktig å få gjort dette arbeidet, og me må finne ei løysing på økonomien.

7.      Dalen og Elvi. Ved Flaummerket i Fossøygjelet  vil Arne Aasen Hauge ha ei tavle med  informasjons om jordbruket i Dalen omkring 1900. Arbeidet er i gang. (Tilskot frå Kommunen på 5000,- kr.)

8.      Tilskiping.

JH. har kvart år hatt ei tilskiping om eit aktuelt tema. Då ovannemnde  aktivitetar krev mykje arbeid, har Laget enno ikkje teke stilling til denne aktiviteten.

9.      Turar. Ut på våren og i samband med ryddearbeidet vil JH arrangere aktuelle turar.

10.  Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetane dukkar det alltid opp arbeid / aktivitetar/tilskipingar som Laget må ta del i.

Skriv ein kommentar