Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 17- og 1800-taletDet eldste biletet av Prestegarden (1846)

Det eldste biletet av Prestegarden (1846)

I samband med 350-årsjubileet for kyrkja er det samla inn mange bilete, både fotografi, teikningar og anna biletkunst. Det eldste kjende biletet av kyrkja og Prestegarden er ei blyantteikning av kunstmålaren Johan Ludvig Losting (1810-1876) frå Bergen. Han var på ferd i Sogn i 1846 og kom då til Jostedalen. I skisseblokka hans finn me såleis teikninga «Præstegaarden i Justedalen», dagsett datert 3. september 1846. Losting: Prestegaarden i Justedalen

Og her følgjer eit utsnitt av Prestegarden og kyrkja:

dik_000785-utsnitt

Kjelder
 
Foto: Svein Skare – Bergen Museum ©

Skisseblokka med teikninga ligg i Bergen Museum.

Om Losting: Andreas Dreyer. (1982). «En af disse saare nyttige mænd – » Kunstmaler Johan Ludvig Losting 1810-1876. Bergen: Bergens skillingsbank.

| |

Skriv ein kommentar