Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieLitteratur om Jostedal kyrkjeJostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år (2010)

Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år (2010)

Dette er det nye standardverket om kyrkja. Praktboka gjev ei omfattande, oppdatert og samla framstilling av soga om kyrkja, presteembetet og det kyrkjelege livet i Jostedalen.

Jostedal kyrkje 350 år - omslagBaksidetekst: Jostedal kyrkje fyller 350 år i 2010. I dette høvet har det vorte samla inn ny og gamal informasjon om bakgrunnen til kyrkja. Dei fleste av oss har høyrt segna om Jostedalsrypa, og veit at Jostedalen låg øyde ei stund etter at svartedauden herja. Etter at nyryddinga starta, var det også trong for kyrkjelege tenester. Det vart sett opp eit heller spartansk kyrkjebygg omkring 1550-1580. Denne kyrkja var til nedfalls alt i 1630-åra, og det vart sett i gang arbeid med ei heilt ny kyrkje. Denne stod ferdig i 1660.

Med ei historie på 305 år har det vore mykje å ta tak i, og mange nye spørsmål og svar dukka opp undervegs i skrivearbeidet.

Kyrkja har vorte restaurert fleire gonger opp gjennom tidene, men fanst det ei endå eldre kyrkje på staden før dalen vart lagt øyde? Jostedalen var blant dei minst populære prestekalla i landet, kva kan grunnane vera til det? Kyrkja vart etter kvart modernisert, men korleis var reaksjonane då det første orgelet kom? Eller då nynorsken vart innført? Kva med det kyrkjelege organisasjonsarbeidet?

Dette er spørsmål forfattarane ser på når dei tek oss med på ei reise gjennom Jostedal kyrkje si historie.

Bokfakta

Forfattarar: Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg, Oddmund L. Hoel, Geir Paulsen, Oddlaug Molland og Åse Snøtun
Biletredaktør: Kristen Ormberg
Skald forlag, utgjeve i samarbeid med Jostedal sokneråd
Utgjeve 26. juni 2010
247 sider
ISBN 978-82-7959-153-5

Pris: 400 kr

Til sals i Jostedalen hjå Thor Bakkens ettf, Breheimsenteret og Jostedal hotell, og under marknaden 17.-18. juli. I Gaupne på kyrkjekontoret og Luster sparebank. I Øvre Årdal hjå Årdal Trend.

Boka kan òg tingast frå Jostedal sokneråd v/ Bergljot Snøtun (bergljot.snotun (a) jostedal.no). Porto kjem i tillegg.

Innhald

s. 7 Føreord
s. 11 (I) Helsingar
s. 21 (II) Du gamle soge som støtt er ny, av Kåre Øvregard
s. 27 (III) Den fyrste kyrkjeskipnaden i Jostedalen, av Kåre Øvregard (og Geir Paulsen)
s. 43 (IV) Jostedal kyrkje: Ny kunnskap om gamalt bygg, av Kåre Øvregard
s. 55 (V) Utbetringar og påbygg, av Kåre Øvregard
s. 69 (VI) Eigarane av Jostedal kyrkje, av Kåre Øvregard
s. 75 (VII) Kyrkja og skulen, av Kåre Øvregard
s. 83 (VIII) Inventaret i kyrkja, av Asbjørg Ormberg
s. 117 (IX) Kyrkjelege tenester og aktivitetar, av Asbjørg Ormberg (og Oddmund L. Hoel, Oddlaug Molland og Åse Snøtun)
s. 169 (X) Det ringaste prestekallet i landet, av Oddmund L. Hoel
s. 193 (XI) Jostedal prestegard, av Oddmund L. Hoel (og Kåre Øvregard)
s. 215 (XII) Dei tilsette i kyrkja, av Asbjørg Ormberg
s. 233 Tekstar, av Kåre Øvregard

| |

Skriv ein kommentar