Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieArkiv: Jostedal sokneprestembete

Arkiv: Jostedal sokneprestembete

Arkivet etter Jostedal sokneprestembete har noko av det viktigaste arkivtilfanget som seier noko om Jostedalen frå 1700- til 1900-talet. Arkivet vart ordna av Statsarkivet i Bergen (Kenneth Bratland) i 2023-24 og har no ein god digital arkivkatalog. 

I arkivet finn ein mellom anna: 

  • Kyrkjebøker (frå 1733), klokkarbøker og kommunikantprotokollar, som utgjer ei hovudkjelde til historia om folk og gardar i Jostedalen. Dei er i stor grad digitaliserte og tilgjengelge i Digitalarkivet (skanna og/eller søkbar)
  • Kyrkjerekneskapane frå 1636 
  • Journalar og kopibøker attende til 2017
  • Kallsboka påbyrja i 1828
  • Dokument om drift og ombygging av Prestegarden og kyrkja 
  • Valmanntal og valprotokollar (frå 1814)
  • Skulekommisjon og fattigkommisjon – ei rekkje protokollar og dokument (frå 1812) – mykje er skanna og publisert i Digitalarkivet
  • Sunnheitskommisjonen – korrespondanseprotokoll (frå 1831)
  • Protokollar for Jostedal bygdemagasin (frå 1823) og Jostedal leseselskab (frå 1835)

Peikarar

Ein god del av protokollane og dokumenta i prestearkivet er omtalte og digitaliserte andre stader på nettstaden vår. I tillegg: 

Arkivkatalog for Jostedal sokneprestembete (Arkivportalen, avløyser den gamle)

Digitaliserte protokollar frå arkivet til Jostedal sokneprestembete (berre skanna protokollar, Digitalarkivet)

Digitaliserte protokollar frå arkivet til Jostedal sokneprestembete (også med søkbare protokollar (kyrkjebøkene), Digitalarkivet)

Nyttig handbok: Bjerkås, Ola. (1997). Preste- og prostearkiver. En brukerveiledning. Oslo: Riksarkivaren. [Digital utgåve, Nasjonalbiblioteket]

| |

Skriv ein kommentar