Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieKyrkjebøker (1733-)Den eldste kyrkjeboka (1733-51)

Den eldste kyrkjeboka (1733-51)

Kyrkjebok A1 1733-1751 – fullstendig avskrift (pdf)

Skanna original av kyrkjeboka (Digitalarkivet)

Den eldste bevarte kyrkjeboka for Jostedalen er her tilgjengeleg i fullstendig avskrift. Ho går attende til 1733, og det finst ingen opplysningar om at jostedalspresten har ført kyrkjebok før dette. Matthias Foss noterte seg 12.11.1742, eit halvt år etter at han overtok prestekallet at ministerialboka gjekk attende til 1733 (fol. 19b). Om det har funnest eldre kyrkjebøker, var dei altså tapte alt i 1742.

Den fyrste innførselen på blad 2 i kyrkjeboka er frå 22.6.1733. Blad 1 er no tapt, men fanst då kallsboka tok til å bli ført kring 1830. Her heiter det (side 32a): ”Om Herr Vingaard vides Intet da den ældste og meget defective Ministerialbog, der findes ved Archivet, begyndes fra 1733, da Dom: Lætare dvs. Midfaste Søndag.” Midtfastesundagen fall i 1733 på 15. mars, som då er den sannsynlege datoen for starten på kyrkjebokføringa i Jostedalen.

Det var i så fall Hans Chr. Frørup som byrja å føre kyrkjeboka. Han vart utnemnd til embetet 12.7.1732 og overtok kanskje då kallet utpå vinteren 1733. Jostedalen hadde då vore utan prest i 1-1,5 år.

Utanom blad 1 vantar òg blada 12, 15 og 22 i protokollen. Blad 2 er nummerert som 15 og plassert mellom side 14 og 16. Siste bladet har nummer 38, så boka har då truleg vore på totalt 38 blad (76 sider), og av dei er 34 att (68 sider).

Kyrkjeboka er førd som ei dagbok. Alle typar kyrkjelege hendingar og handlingar kjem såleis om kvarandre i den kronologiske framstillinga. I tillegg har prestane ført inn mange verdslege handlingar, som publisering av forordningar. Kyrkjeboka er såleis ei rik og viktig kjelde til bygdelivet i desse åra.

Kyrkjeboka for åra 1751-1770 er tapt, og alle desse åra fall innanfor Matthias Foss sin periode som prest (1742-1792).

Den originale kyrkjeboka ligg i Statsarkivet i Bergen. Til liks med dei fleste andre norske kyrkjebøker vart ho mikrofilma frå 1950-åra og framover, og mikrofilmane har vore tilgjengeleg gjennom arkiv og bibliotek. Mikrofilmane vart skanna og låg til grunn då Arkivverket 2006–08 publiserte alle norske kyrkjebøker fram tidleg på 1900-talet på Internett.

Den mikrofilma og digitaliserte utgåva av protokollen var i dårleg forfatning og har ei rekkje sider som er vanskeleg å lese, anten fordi teksten er svak, fotografia er for dårlege eller fordi tekst i kantane er borte i brettar.

Etter mikrofilminga er protokollen restaurert, og på førespurnad skanna Statsarkivet i Bergen protokollen i juli 2012. Usikre punkt i avskrifta er kontrollert opp mot den nye skanna utgåva, og det har gjort det mogleg å tyde ein god del tekst som var uleseleg i den mikrofilmbaserte utgåva i Digitalarkivet.

Sjå meir om kyrkjeboka og avskrifta i pdf-dokumentet.

| |

Skriv ein kommentar