Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 1600-taletListe over kyrkjene i Sogn (1625)

Liste over kyrkjene i Sogn (1625)

Biskop Niels Paasche sende i februar 1625 frå seg ei liste over alle kyrkjer og kapell i Bergen stift. Jostedalen vart her ikkje rekna som eige prestegjeld, men «kapellet» var heller ikkje underlagt noko anna prestegjeld.

Avskrift

[Overskrift:] Richtig Fortegnelse paa huor mange kircker med des underliggende Annexer sampt Capeller der nu findes udi Bergenhuus Stift, Magnifico Duo Vicario Regio Joanni Julio, efter hans Mgftiae schriftlig begiering ydmygligst tilsendt. Bergen 1/2 1625. N. Paaschasius

[Så fylgjer dei andre prestegjelda før dette står om Jostedalen:]

Jøstedals ell. Liusterdals Capell, ligger langt op til fields – 3. ell. 4. store mile: oc er huercken til kircken (Capellet) eller præsten endnu lagdt nogen wiss Indkomkst af Øfrigheden; Ellers gifwe de fattige bønder, til underholdning, noget af deres eget.

Kjelde

Riksarkivet, Danske kanselli, Skapsaker, Skap 15, pakke 69. Om kirkene 1625-1719, 0002 Litra D: Fortegnelse ført av biskop Niels Paasche over kirkene i Bergen stift.

Avskrift av heile dokumentet i: Reksten, Erling. (1979). Krongodssalg og embetsstand i Bergenhus len/Bergen stiftamt i 2. halvdel av 1600-tallet. Oslo, appendiks s. 253-255.

Merknad

I Sogn fører biskopen opp 7 hovudkyrkjer, 22 annekskyrkjer og 3 kapell. Dei sju prestegjelda med hovudkyrkjer er Leikanger, Sogndal, Hafslo, Dale (Luster), Lærdal, Aurland og Vik. Dei tre kapella er Rikheim under Lærdal, Underdal under Aurland og Jostedalen som er ført opp for seg sjølv etter dei sju prestegjelda.

Dokumentet viser at bøndene i Jostedalen framleis ikkje var pålagde å betale tiend til kyrkja og presten. I staden gav bøndene noko i underhald til presten. Dette tyder på at tilstanden og ordninga som er dokumentert i skattelista frå ca 1596, framleis stod ved lag.

| |

Skriv ein kommentar