Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 17- og 1800-taletEin presteattest (1800)

Ein presteattest (1800)

Avskrift

Velærværdige hr. Ole Aabel sognepræst til Justedal i Sogns provsti, det mindste i Norge, søger allerunderdanigst det nu ledige saare ringe Aurlands kald. Næst at referere mig til min ham givne attest af 4. oktober 1799, bringer jeg allerunderdanigst i erindring at denne efter alles vidnesbyrd velfortjente, i lærdom og levnet ustraffelige mand er 16 aar in officio og 8 aar i denne lille for alle mennesker afsondrede fjeldbygd, at han er den eneste sognepræst her fra stiftet som søger Urland, at hans stilling bør gjøre ham i promotionsvei fuldkommen lig med missionairer samt at hans personlige fortjenester iøvrigt efter alt hvad jeg kan slutte berettiger ham blandt alle de nu herfra søgende til allerunderdanigst at haabe fortrinlig det ansøgte.

Bergen den 8. marts 1800.
J. N. Brun

Kjelde

Munthe, C. M. (1921). Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh. Et stykke slegtshistorie; trykt som manuskript. Kristiania, side 17.

Merknad

Ole Aabel kom til Jostedalen som prest i 1792 etter at Matthias Foss døydde. Då presteembetet i Aurland vart ledig, såg Aabel eit høve til å kome seg bort frå Jostedalen. Saman søknaden la han ved heile tre attestar frå biskopar, mellom anna denne frå biskop Johan Nordahl Brun i Bergen.

Omgrepet «promotion» (framgang, forfremjing) i attesten krev ei lita forklaring. Jostedalen er i fleire liknande kjelder frå denne tida omtala som eit «promotionskald», altså eit «forfremjingskall». Dette ville seia eit kall som på grunn av dei ringe vilkåra særleg kvalifiserte til forfremjing (Munthe, s. 14). Og det er altså her biskopen, kanskje med eit glimt i auga, meiner eit prestekall i Jostedalen er å jamføre med misjonærverksemd på CV-en til ein prest.

Det høyrer med til soga at Ole Aabel fekk presteembetet i Aurland. Det eldste bornet hans, Peder Pavels Aabel, budde i Jostedalen dei fyrste fem leveåra. Han kom i 1822 attende til fødebygda som prest etter at presteembetet hadde vore ledig sidan 1819. Men også han såg Jostedalen som ei rein gjennomgangsstilling – alt i 1823 fekk han sokneprestembetet i Sogndal (Munthe, s. 73).

C. M. Munthe oppgjev ikkje kvar han har funne bispeattesten. Det kan både ha vore i dei private papira etter Aabel og i Riksarkivet der søknadene til presteembeta ligg. Attesten skulle få godt fram kva for godbitar ein kan vente å finne der.

| |

Skriv ein kommentar