Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 17- og 1800-taletProsessen mot Hans Nielsen Hauge 1806-1807

Prosessen mot Hans Nielsen Hauge 1806-1807

Den store lekpreikaren og samfunnsreformatoren Hans Nielsen Hauge (1771-1824) fekk stor oppslutnad i Luster etter at han vitja Sogn i 1801 og 1802. Han var ikkje i Jostedalen, så rørsla hans fekk ikkje fotfeste her. Men Luster vart eit bruhovud for den tidlege Hauge-rørsla på Vestlandet. Etter at Hauge vart arrestert hausten 1804, byrja ein langvarig rettsprosess med rettslege avhøyr over heile landet som skulle dokumentere brotsverka Hauge var skulda for. I Luster og Hafslo vart desse avhøyra haldne over sju dagar i desember 1806 og januar 1807. Heile 29 vitne vart avhøyrde på bygdetinget i Luster og fire i Hafslo. Protokollen frå avhøyra er ei særs viktig kjelde til den tidlege Hauge-rørsla i Sogn og seier mykje om religiøse, politiske og sosiale nettverk og konflikter i bygdene på den tida.

Dei rettslege avhøyra

Original: Ekstrarettsprotokoll for Indre Sogn sorenskriveri 1804-1810, side 152b ff, Statsarkivet i Bergen/Digitalarkivet.

Samandrag: Per Tang: Haugianismens barndom i Indre Sogn, Sogns Tidende, 28. mai og 4., 5., 18., 22. og 25. juni 1909 (pdf, 10 Mb)

Litteratur om haugianarane i Luster

Hoel, Oddmund L. (2014). Vala til riksforsamlinga 1814 i Sogn og haugianarane i Luster. Årbok for Sogn, s. 24–43. [fulltekst]

Hoel, Oddmund L. (2014). Dei fyrste valmenn og røysteføre i Sogn med vekt på Jostedalen og Luster. I Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel (red.), Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (s. 397–427). Oslo: Novus forlag. [fulltekst]

Byrjinga på avhøyra av haugianarane i Luster, 11. desember 1806 (ekstrarettsprotokollen)

| |