Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 17- og 1800-taletInntekta til prestekallet (1870)

Inntekta til prestekallet (1870)

Thorvald Boeck gav i 1870 ut eit oversyn over inntektene til alle prestekalla (presteembeta) i landet. Dette skulle gjere det enklare for søkjarane til presteembeta å orientere seg om kva inntekter ein hadde i vente. Lønssystmet for prestane den gongen var fjernt frå dagens statsregulativ.

Her kan ein lese kvar jostedalspresten henta inntektene sine frå, og kor store dei var. Alle prestekalla er presenterte på same måten, så det er etter måten lett å samanlikne. Her ser ein mellom anna at prestekallet i Jostedalen måtte ha temmeleg store lønstilskot frå Opplysningsvesenets fond.

Det går også fram (under Voss, s. 369) at det årlege tilskotet på 40 spd frå sokneprestembetet i Voss til sokneprestembetet i Jostedalen fall bort med kongeleg resolusjon 26. april 1868.

Kjelde

Boeck, Thorvald. (1870). Efterretninger om geistlige Embeder i Norge. Christiania: Dybwad, side 417-418 [Digital utgåve, Nasjonalbiblioteket]

| |

Skriv ein kommentar