Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 17- og 1800-taletÅbotsforretning over prestegarden (1813)

Åbotsforretning over prestegarden (1813)

Åbotsforretning Jostedal prestegard 1813Ved prestebyta vart det halde åbotsforretning over prestegardane der det vart gjort opp status for vedlikehaldet på prestegardshusa. Åbota var vederlaget som forgjengaren måtte betale om vedlikehaldet på husa viste seg å vere mangelfullt. Dette er såleis kjelder som gjev eit godt oversyn over bygningane på prestegarden.

I arkivet til Jostedal presteembete (Statsarkivet i Bergen) ligg det berre ei åbotsforretning. Det er til gjengjeld eit av dei eldste dokumenta i arkivet og er frå 8. juli 1813. I dokumentet er dessutan innteke fullstendig avskrift av ei åbotsforretning på prestegarden 23. juni 1808 i samband med det førre prestebytet.

Åbotsforretninga i 1813 vart halden etter krav frå Holger Halling Schjødt, som året før var utnemnd til sokneprest i Jostedalen etter Andreas Cordsen. Åbota for dei 17 husa som det tilkom prest etter prest å halde vedlike, vart fastsett til 236 riksdalar. Fem år før hadde Johan Henrik Lind sloppe unna med 125 riksdalar då Cordsen tok over. 

Tre av husa på prestegarden var det allmugen sitt ansvar å halde i stand: hovudbygningen, borgstova og ein fjøs. Desse bygningane vart òg synfarte, og både i 1808 og 1813 kom det greitt til forlik der bygdefolket tok på seg å setje husa i stand. Etter innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837 var det formannskapet som kosta vedlikehaldet av desse husa.

Statsarkivet digitaliserte i juni 2009 åbotsforretninga for historielaget. Nedanfor finn ein både det skanna handskivne originaldokumentet og ei avskrift gjort av Statsarkivet.

pdf.gif Åbotsforretning 1813 (skanna) (14 Mb)

pdf.gif Åbotsforretning 1813 (avskrift)

| |

Skriv ein kommentar