Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieKyrkjebøker (1733-)

Kyrkjebøker (1733-)

Kyrkjebøkene er svært viktige både for slektsgranskarar og for lokalhistorikarar meir allment. Her førte presten inn opplysningar om fødslar, dåp, konfirmasjonar, giftarmål, dødsfall, gravferder, flytting inn og ut av prestegjeldet og ymse andre typar personopplysningar. Fram til andre verdskrigen var dette i praksis det viktigaste offentlege folkeregisteret utanom folketeljingane.

Det finst to hovudtypar kyrkjebøker, ministerialbøkene som vart førte av presten og (frå 1812) klokkarbøkene som skulle vere identiske med ministerialbøkene, men vart førte av klokkaren og låg på ein annan stad som tryggingskopi. Den eldste kyrkjeboka i landet er frå 1623. Med kyrkjeritualet frå 1685 skulle kyrkjebokføringa inn i ordna former, men mange bøker er seinare kasta.

Jostedalen har kome etter måten godt frå det. Kyrkjebøkene er tekne vare på frå 1733 (manglar 1751-1770). Originalbøkene ligg i Statsarkivet i Bergen. Dei er tilgjengelege både på mikrofilm og er dessutan skanna og lagde ut på Internett til 1931 (Digitalarkivet). Kyrkjebøker med opplysningar nyare enn 60 år er normalt stengde for innsyn.

Attåt kyrkjebøkene har ein òg eit unikt «sjeleregister» frå 1760 som presten Matthias Foss førte. Dette var ei lokal folketeljing som mellom anna fortel om kvar einskild innbyggjar kunne lese og skrive og kva bøker som fanst i husstanden. Dette ligg òg i Digitalarkivet.

Delar av opplysningane i kyrkjebøkene er digitaliserte og finst i databasar i Digitalarkivet.

Skanna kyrkjebøker frå Jostedalen 1733-1914 (Digitalarkivet)
Skanna kyrkjebøker (klokkarbøker) frå Jostedalen 1861-1931 (Digitalarkivet)
Databasar over 1427 Jostedalen (Digitalarkivet)
Kirkebøker (Ministerialbøker)  (ei nyttig innføring hjå Digitalarkivet)

| |

Skriv ein kommentar