Dokument frå 1600-talet

Opp gjennom hundreåra er det teke vare på ei unik samling dokument frå 1600-talet om kyrkja og prestekallet i Jostedalen. Dei fleste av dokumenta har vore lite kjende og nytta, og dei er henta fram frå gløymsla og gamle arkiv i samband med 350-årsjubileet for Jostedal kyrkje i 2010. Saman med kyrkjerekneskapane er dette dei viktigaste kjeldene til kyrkjesoga for Jostedalen på 1600-talet.
Samlinga utgjer i alt 12 dokument (diplom). Bortsett frå to dokument (1656/1660) som gjeld synfaringar av den gamle og nye kyrkja, dreiar diploma seg hovudsakleg om økonomiske vilkår knytte til prestekallet.
Alle diploma har eigne nettsider (sjå undermenyen til høgre). Her finn ein foto, avskrifter og omtaler av alle dokumenta. Etter kvart vil det òg bli publisert omsetjingar til moderne norsk.
Det er òg eigne nettsider for dei to avskriftene (ca 1670 og 1823), som femner om fleire av dokumenta.
Kronologisk oversyn over dokumenta
1625, 1. august, frå biskop Niels Paasche
1636, 16. mars, frå Jens Bjelke
1636, 28. oktober, frå Jens Bjelke
1653, 3. mai, frå Ove Bjelke
1655, 29. mai, bøneskriv frå allmugen
1656, 6. januar, synfaring av den gamle kyrkja
1656, 23. januar, frå Ove Bjelke
1660, 2. oktober, synfaring av den nye kyrkja
1664, 9. august, frå Tøger Jensen
1664, 13. august, frå Titus Bülche
1667, 20. februar, frå Theocharus Joannis Breumius [Tøger Jensen]
1667, 6. mars, frå Georg Reichwein
Skriv
| Send
|
Kjeldereferanse
[løyn referanse]
APA:
Hoel, Oddmund L.. (2009). Dokument frå 1600-talet. Henta 09.09.2010, frå Jostedal historielag: http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=661
Chicago:
Hoel, Oddmund L.. 2009. Dokument frå 1600-talet. Jostedal historielag. http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=661 (vitja 09.09.2010).
Harvard:
Hoel, O 2009, Dokument frå 1600-talet, Jostedal historielag. Henta 09.09.2010, frå <http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=661>
MLA:
Hoel, Oddmund L.. "Dokument frå 1600-talet." 13.12.2009. Jostedal historielag. Vitja 09.09.2010. <http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=661>
Publisert av Oddmund, 13.12.2009 (sist endra 08.07.2010)
Skriv ein kommentar