Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 1600-taletSeks dokument 1636-1667 (avskrift ca. 1670)

Seks dokument 1636-1667 (avskrift ca. 1670)

pdf.gifAvskrift ca. 1670 av seks dokument 1636-1667 (3 Mb) (Foto: UBB, Spesialsamlingene)

Fleire av 1600-talsdokumenta frå Jostedalen er kjende gjennom ei avskrift frå kring 1670 der ymse dokument om økonomiske tilhøvet kring prestekallet i Jostedalen er samla. Det gjeld følgjande dokument:

  1. 1636, 28. oktober, frå Jens Bjelke
  2. 1653, 3. mai, frå Ove Bjelke
  3. 1664, 9. august, frå Tøger Jensson
  4. 1664, 13. august, frå Titus Bülche
  5. 1667, 20. februar, frå Theocharus Joannis Breumius [Tøger Jensson]
  6. 1667, 6. mars, frå Georg Reichwein

Avskrift

[Følg peikarane ovanfor for å kome til avskrifter av dei seks dokumenta.]

[Stadfestingane på slutten:]

Venligen begiered at Proffsten H: Peder Olsen vilde velgiøre och forbliffue Hr. Thøger Jensen herudinden beforderlig. Jeg for hannem Igien tienistvillig 

Actum Lysekloster den 2 May Anno 1667 [siste siffer utydeleg]
Findes undertegnet Nils Hansen

Foreskreffue bevillings breffuer, som till H: Canceller er Offuerleffueret, at vere her Rigtigen vd Coppiert. liudendis Ord fraa Ord effter Originalerne Bekiender jeg Peter Rotenburg  mpp.

Merknad

1670-avskrifta ligg i Diplomsamlinga, Universitetsbiblioteket i Bergen. Heile 1670-avskrifta er med som No. 1 [a-f] i 1823-avskrifta.

Det er ei avskrift på papir i gotisk handskrift. Føremålet var å samle ei rekkje dokument som fortalde om dei rettane jostedalspresten hadde til korn frå andre kyrkjer i Sogn.

Den siste datoen i avskrifta er ei stadfesting 2. mai 1667 eller 1668 (utydeleg årstal). Den udaterte stadfestinga sist i dokumentet fortel at avskrifta er gjort av Peter Rotenburg (av Niels Dahl i 1823 feilskrive Kalenburg). Universitetsbiblioteket i Bergen opererer såleis med «ca. 1670» som datering.

| |

Skriv ein kommentar