Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieDokument frå 1600-taletTi dokument 1636-1667 (avskrift 1823)

Ti dokument 1636-1667 (avskrift 1823)

pdf.gifDocumenter angaaende Jystedahlens Præst og Kirke fra 17de Hundr. (avskrift 1823) (30 Mb) (Foto: UBB, Spesialsamlingene)

Innhald

Dei fleste 1600-talsdokumenta om kyrkja og presteembetet i Jostedalen vart i 1823 samla i ei avskrift på 12 blad. Avskrifta er i gotisk handskrift og delt inn i fem nummererte kapittel (med peikarar til eigne avskrifter og omtaler av dokumenta):

Merk: Dokumenta som er samla under No. 1 [a-f] utgjer avskrifta frå ca. 1670. Berre eitt av dei kjende dokumenta frå 1600-talet er ikkje med i 1823-avskrifta, og det er brevet frå biskopen 1625.

Avskrift

[Følg peikarane ovanfor for å koma til avskrifter av dei einskilde dokumenta.]

[Stadfesting sist i dokumentet:]

At alle ovenstaaende 5 Documenter angaaende Jystedahlens Præst og Kirke ere ordrette og med Hensyn til Orthografie og Interpunktion rigtige Afskrifter av de mig foreviste høyst untilerede(?) og defecte Originaler bevidnes.
Evindvigs Præstegaard d: 28de September 1823. Niels Dahl. —

Merknad

Avskrifta ligg i Manuskriptsamlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen. Katalognummeret er Ms 203, e, “Optegnelser om Justedalens kirke” (sjå arkivkatalogen).

Niels Dahl var prost i Ytre Sogn, og det kan synast noko underleg at han har fått fatt i desse dokumenta i 1823. Det er rimeleg å tru at samanhengen var slik, sjølv om me ikkje kan vere sikre: Den historieinteresserte biskop Jacob Neumann var på visitas i Jostedalen i juli 1823. Her fann han ein del gamle dokument i prestegarden, som han tok med seg. På returen til Bergen har han vore innom Niels Dahl i Eivindvik og sett han i gang med å lage ei avskrift av dokumenta. Dahl var både interessert og kompetent i historiske og antikvariske spørsmål, og uansett var det nok ikkje aktuelt å seie nei når biskopen bad om ei slik teneste.

At fleire av desse dokumenta var i prestegarden før Neumann kom der i 1823, kan me iallfall vere sikre på. I «Justedalens kortelige Beskrivelse» (skrive 1750) gjev Matthias Foss att heile brevet frå Jens Bjelke 16. mars 1636, som er dokument nr. 2 i 1823-avskrifta. Foss refererer òg detaljar om kyrkjebygginga som tyder på at han må ha hatt synfaringsdokumentet frå 2. oktober 1660.

| |

Skriv ein kommentar