Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieStavkyrkja i mellomalderenPå jakt etter mellomalderkyrkja i Jostedalen (JSA 2009)

På jakt etter mellomalderkyrkja i Jostedalen (JSA 2009)

Stig Nordrumshaugen og Kristen Ormberg[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2009]

Dokument frå tiåra før 1349 (svartedauden) fortel oss at Jostedalen hadde både prest og kyrkje på den tida. Me veit òg sikkert at dagens lafta kyrkje var bygd i 1660. Men kva kan me vite om kyrkjebygningen eller bygningane som stod i bygda før 1600? Det spørsmålet har kome opp i samband med boka som soknerådet skal gje ut til 350-årsjubileet neste år.

Ein har lenge rekna med at mellomalderkyrkja i Jostedalen var ei stavkyrkje, som var den vanlege trekyrkjetypen på den tida. Men ein har aldri visst noko sikkert om dette. Somme har dessutan meint at mellomalderkyrkja vart heilt borte då dalen var folketom etter svartedauden. Den kjende segna om kyrkjebygginga og kyrkjeklokka fortel at nybyggjarane ikkje fann spor etter den gamle kyrkja. Eit dokument frå 1656 seier dessutan at kyrkja som stod då, var “en gammel Bygning som for hundrede Aar siden er først Opbygt, da Jöstedal bleff Oprødet”. Dette er bakgrunnen for at det i somme framstillingar står at nybyggjarane på 1500-talet sette opp ei heilt ny kyrkje.

No er eit interessant arbeid på gang som kan gje betre svar på desse spørsmåla. Skriftlege dokument har ein ikkje som kan gjere oss klokare, så ein må leite etter svaret i sjølve kyrkjebygningen.

Her har Riksantikvaren vore til stor hjelp. Riksantikvaren har eit stort stavkyrkjeprogram som mellom anna skal kartleggje gjenbruk av gamle stavkyrkjedelar i nyare kyrkjebygningar. Det var heilt vanleg i kyrkjebygg som i andre bygg å bruke om att materialar frå eldre bygg. Riksantikvaren skal registrere stavkyrkjedelar over heile landet og er i gang med registreringar i to austlandsfylke.

Kyrkjejubileet i Jostedalen har gjort at dei har framskunda granskinga av kyrkja vår. Ein entusiastisk Stig Nordrumshaugen, som til dagleg arbeider i Førde, stilte på synfaring på kort varsel i midten av juni. Stig og Leif Anker frå stavkyrkjeprogrammet var vidare på grundige synfaringar i kyrkja både i august og 29. oktober. Dagen etter ringjer me og spør i veg, nyfikne som me er.

– Kyrkjegranskar Stig Nordrumshaugen, kva har de funne ut?
– Jostedal kyrkje er svært interessant! Her er det mykje gjenbrukte bygningsdelar i skip, tak og tårn.
– Kan de slå fast om det er materialar frå ei eller fleire tidlegare kyrkjebygningar, og kor gamle dei er?
– Vi kan seie at det finst delar frå minst ein tidlegare bygning som mest sannsynleg har vore eit stavverk. Det er uvisst på noverande tidspunkt om desse gjenbrukte delane er frå tidleg eller sein mellomalder. Vidare er det fleire gjenbrukte bygningsdelar som kan vere etterreformatoriske, altså frå nybyggjarperioden. Dermed kan me heller ikkje vere sikre på om det vart bygt ei heilt ny kyrkje midt på 1500-talet, eller om dei bygde opp att ei gamal stavkyrkje. Men me held det for mogleg at fleire av materialane i kyrkja stammar frå ei mellomalderbygning, og det er nærliggjande å tru at det kan ha vore ei kyrkje. Ei dendrokronologisk datering/fotografering (årringsprøve) kan gje oss nærare svar på det. Det er gode moglegheiter for datering av materialane i kyrkja.
– Har du nokre døme?
– Me er som sagt varsame med å konkludere, men det finst fleire profilerte tiler (veggplank) og profilerte sperrer som kan stamme frå eit stavverk. Utover det finst det ein del material i tårnet som er tydelig gjenbrukte bygningsdelar. Stolpane som står lengst mot aust i skipet kan òg vere gjenbruk frå ein eldre tårnkonstruksjon. Grunnstokken dei står på, er eit byggjesystem som var i bruk i stavkyrkjer. Noko av dette ser ut som gamle delar som er hogde om, men når det har vore gjort er usikkert. Det er òg registrert to stolpar i fjøsen ved sida av kyrkja som har vore brukt som portstolpar til kyrkjegarden i moderne tid. Slik stolpane opphavleg er konstruerte, har dei vore nytta i ein annleis konstruksjon. 
– De har både sett bak kledningen og under golvet. Korleis står det til med kyrkja?
– Me er uroa for noko av det restaureringsarbeidet som er gjort tidlegare. Svillene er støypte inn i betong, og det er ikkje bra. Dei har byrja å rotne i novendane, noko som ikkje blir betre slik dei ligg no. Tverrsvillane under tårnkonstruksjonen har roteskadar, men som hovudsakeleg er eldre, men det bygningsfysiske miljøet er av ein slik karakter at ein her må  vurdere nye tiltak som kan betre situasjonen for kyrkja. Murane som er tetta utvendig og innvendig med betong, tilfører konstruksjonen fukt og gjer at det ikkje tørkar godt nok opp.

Dei to karane skriv no ein rapport til Riksantikvaren om kva dei har funne. Den vil liggje til grunn for det som kjem i jubileumsboka for kyrkja neste år. Det vil vidare bli vurdert om det er mogleg å gjere meir nøyaktige dateringar av delar i kyrkja, anten med årringsprøver (dendrokronologi) som er mest nøyaktig, eller karbondatering (C14).

| |

Skriv ein kommentar