Kyrkjerekneskapane (kyrkjestolane) frå Jostedalen er ei av dei eldste kjeldene me har om kyrkja. Statsarkivet i Bergen har rekneskapane frå tida medan det framleis var kongen (staten) som åtte kyrkjene. Rekneskapane inneheld årvisse oversyn over utgifter og inntekter, og dessutan inventarlister.
Protokollane vart digitaliserte og publiserte i Digitalarkivet ved årsskiftet 2009/10.
1. Rekneskap 1631-1674
Kyrkjestolen for Luster prestegjeld vart ført frå og med rekneskapsåret 1631-32 etter påbod frå Jens Juel, lensherre over Bergenhus (brev frå Juel 6.9.1632 innteke fyrst i boka). Jostedal vert i dette brevet nemnt som anneks til Luster. Kyrkjerekneskapen for Jostedal kyrkje vart ført i denne boka til og med 1674 då ho var utskriven (side 163-174 i protokollen). Protokollen vart avlevert til Statsarkivet i Bergen i 1904.
Les protokollen i Digitalarkivet (side 157 i leseprogrammet)
Katalogoppføring
2. Rekneskap 1675-1722
Eiga rekneskapsbok for Jostedal kyrkje. Ho er ikkje utskriven og sluttar på det tidspunktet kyrkja vart auksjonert bort og seld (truleg 1723) til jostedalspresten Henrik Nitter.
Les protokollen i Digitalarkivet
Katalogoppføring
Jostedal historielag har kopi av Anne Marta Hoff si avskrift av utgiftene i kyrkjerekneskapane 1631-1722.
Merknad
Katalog over Kyrkjestolar i Statsarkivet i Bergen (Digitalarkivet) inneheld ei nyttig innleiing om kyrkjerekneskapa.
Skriv
| Send
|
Publisert av Oddmund, 28.12.2009 (sist endra 08.01.2010)
Skriv ein kommentar