Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieKyrkjerekneskapPrivate rekneskapar (ca. 1723-1910)

Private rekneskapar (ca. 1723-1910)

Det er skrint med arkivtilfang frå den tida kyrkja var i privat eige. Dei fyrste hundre åra har me ikkje rekneskapar frå, men me er så heldige å ha kjennskap til to rekneskapsbøker for Jostedal kyrkje frå 1800-talet.

1. Kyrkjeprotokoll ca. 1833-1890
Protokollen ligg i arkivet til Jostedal sokneråd (Fylkesarkivet på Leikanger). Han har fylt ulike føremål og inneheld følgjande:
1. Avskrift av ei semje 12.5.1802 mellom allmugen og kyrkjeeigaren, klokkar Johannes Asbjørnson Hus. Semja galdt kor mykje kvar gard skulle betale i kyrkjetiend og korleis betalinga skulle skje. 
2. Avskrift av kongeskøytet til Henrik Nitter 11.8.1725.
3. Autorisasjon av prestar/prostar/biskopar 1833-1859 (årleg med nokre unntak).
4. Kyrkjerekneskap (inntekter og utgifter) årleg 1871-1890.

Kyrkjeeigar Johannes Asbjørnson Hus døydde i 1833, så protokollen vart truleg teken i bruk av dei nye (og ukjende) eigarane som då fekk hand om kyrkja. I 1851 er Hans Rasmusson Hellegaard og Lars Erikson Espe nemnde som eigarar. Rekneskapane 1871-1890 er underskrivne av Hellegaard og soknepresten.

pdfHeile protokollen skanna (handskriven) (3 Mb, digitalisert av Fylkesarkivet)

2. Kyrkjeprotokoll ca. 1849-1873
Protokollen inneheld oversyn over tiendbetalinga frå kvar einskild skattytar i perioden. Det er såleis å rekne som ei kassedagbok for tiendinnkrevjinga. Det ser heller ikkje ut til å vere revisjons- eller autorisasjonsmerknader, så dette var nok mest som ei kladdebok. Protokollen er i privat eige.

| |

Skriv ein kommentar