Skulemannen, historikaren og arkeologen Bendix Edvard Bendixen (1838-1918) i Bergen arbeidde mykje med kyrkjehistoria for Vestlandet. Han gjorde ei rad antikvariske granskingsferder i vestlandsbygdene og var mellom anna i Jostedalen i 1877. Same året skreiv han ein artikkel der han slo fast at det var bygningsdelar frå ei stavkyrkje i 1660-kyrkja, noko han seinare gjekk tilbake på (les meir).
Det største verket han skreiv var om kyrkjene i Bergens stift. Berre Kirkerne i Søndre Bergenhus amt (Hordaland) vart publisert (1904-09) medan delen om Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) berre ligg føre i manuskript.
Manuskriptet er mykje nytta av dei som seinare har skrive om kyrkjene i Sogn og Fjordane, også Jostedalen. Både Laberg og forfattarane av På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane viser mykje til Bendixen.
Originalmanuskriptet ligg i Riksarkivet (RA). Det har mange rettingar, strykingar og innskot og er ikkje så lett å lese. I Bergen museum (BM) ligg ei reinskriven avskrift (handskriven). Nedanfor er båe tilgjengelege.
Bendixen om Jostedal kyrkje – originalmanuskript i RA
Bendixen om Jostedal kyrkje – handskriven avskrift i BM
Meir om Bendixen og den gamle stavkyrkja i Jostedalen
Om B. E. Bendixen i Norsk biografisk leksikon
Publisert av Oddmund, 28.12.2009 (sist endra 13.04.2025)
Skriv ein kommentar