Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieKallsboka (1830-i dag)

Kallsboka (1830-i dag)

 

Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830

Innhald
1. En Beskrivelse over Præstegjældets Grændser etc.
2. Om Kirken [avskrift om kyrkja | om tienda]
3. Series pastorium loci [presterekkja]
4. Om Præstegaarden
5. Mensalgodset og de faste Indtægter
6. Visitatsbemærkninger
7. Kirkebøker avgit til Statsarkivet

pdf

Kallsbok for Jostedalen – avskrift av dei eldste delane (25.1.2010) (Avskrifta dekkjer delar av kapitla 2, 3, 4 og 5.)

kallsbok-tittel

Kallsboka er ein fin skinninnbunden protokoll som i dag ligg på Luster kyrkjekontor i Gaupne.

I kallsboka skal prestane skrive inn ymse opplysningar om kallet, til orientering for biskop, prost og etterkomarar (sjå lokalhistoriewiki). Her kan ein finne ei rad historiske opplysningar om prestane, presteembetet og kyrkja. Frå tida etter at ein tok til å føre kallsboka, er dette ei temmeleg påliteleg primærkjelde. Dei historiske opplysningane frå tida før kallsboka vart påbyrja, er meir usikre og byggjer på ei blanding av dokument og munnleg overleverte opplysningar.

I Bergens stift kom føringa av kallsbøker i gang i 1820-åra. Frå tida før 1820 kjenner ein berre tre kallsbøker frå bispedømet. Det var eit initiativ frå biskop Jacob Neumann i september 1828 som fekk fart på arbeidet. Han sende eit brev til prostane med direktiv om å få i gang kallsbokføringa, og prostane formidla ordren vidare til prestane. Skrivet frå Neumann er innteke fyrst i kallsboka. I 1830 var Neumann på visitas. Dette er ikkje kome med i kallsboka, som altså er «begyndt 1830», så ein kan vel gisse at presten har fått tydeleg melding om å kome i gang med kallsbokføringa under denne visitasen. Kallsboka skulle autoriserast av biskopen, noko som skjedde då biskop Neumann var på visitas i Luster 23. juni 1834.

Det var presten Bernt Anker Leigh (1800–1872) som tok til å føre kallsboka. Han vart utnemnt til prest i Jostedalen 22.11.1828 og var den fyrste presten her etter at Peder Pavels Aabel hadde styrt kallet frå Sogndal 1823-28. Det var såleis Leigh som skreiv inn dei historiske opplysningane om tida før han sjølv kom til Jostedalen. Han opplyser at han tok til å føre kallsboka i 1830, så dei historiske opplysningane er truleg førte inn dette året. Leigh var prest her til 1834.

Berre ei førebels avskrifta er så langt tilgjengeleg. Det står att å kontrollere ein del uklare punkt i teksten (sjå føreordet), og berre dei eldste delane av kallsboka er så langt skrivne av. Det vil hovudsakleg seie dei delane Leigh skreiv frå han tok til med føringa i 1830 til han forlet Jostedalen i 1834. Fleire delar vil bli skrivne av etter kvart, så den digitale avskrifta vil kome i nye versjonar.

Oddmund Hoel har kopiar til utlån (digitale og papir) av dei delane av kallsboka som ikkje er med i avskrifta.

| |

Skriv ein kommentar