Meldingsarkiv for 'Aktivitetar'
Nytt hefte av lokalhistorisk årbok i sal
«Luster. Lokalhistorisk årbok» vart lansert i førre veke og er i sal. Det er det 7. heftet og det fyrste sidan 2011. Her er mykje variert stoff for historieinteresserte, frå middelalderætter i Sogn til motorbåten på Veitastrondvatnet og ein namneduk. Årboka er utgjeven av dei tre sogelaga i kommunen i samarbeid med Luster kommune. Sjå […]
Publisert av Oddmund, 13. desember 2016 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Fossabrui opna
Laurdag 17. september vart Fossabrui opna etter vølinga. Jostedal historielag har arbeidd med prosjektet i fleire år, og Kåre Reidar Aasen har gjort arbeidet. Det går inn i eit større arbeid med å setje i stand dei gamle ferdslevegane frå Døsen i Luster over Vigdalen og framover dalen heilt til Viva. Sjå fleire gode bilete […]
Publisert av Oddmund, 19. september 2016 i Aktivitetar, Ferdsel.
Kommentarar: ingen
Tur 12. juni: Fossen–Dalen–Flaumparken
Sundag 12. juni klokka 11.00 er det kulturhistorisk tur Fossen–Dalen–Flaumparken. Turen startar ved Flaumparken i Fossøygjelet og går gjennom tunnelen til Fossabrui/jettegryter, vidare opp gamle Jostedalsvegen til garden Dalen – over Dalåsen g ned til Flaumparken. Turen tek 2-3 timar, avhengig av pausar og kulturelle innslag. Ta gjerne ein kopp kaffi i sekken. Tilskipar er […]
Publisert av Oddmund, 28. mai 2016 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Presentasjon av stadnamn under marknadshelga
Under marknadshelga i Jostedalen 11.-12. juli vil Jostedal historielag presentere stadnamn i Jostedalen og Luster. Det store stadnamnprosjektet som byrja i 2002, er no på det næraste ferdig, og mange av dei registrerte stadnamna i Jostedalen er tilgjengelege på Internett. Interesserte vil gjennom marknadshelga kunne søkje og få rettleiing i bruk av namnetenesta i storsalen […]
Publisert av Oddmund, 8. juli 2015 i Aktivitetar, Stadnamn.
Kommentarar: ingen
Årsmøte 18. mars
Det vert årsmøte i Jostedal historielag onsdag 18. mars 2015 kl 19.30 på Jostedal hotell. Saker 1. Vanlege årsmøtesaker 2. Stadnamna frå Jostedalen er no publiserte på nettstaden til Fylkesarkivet. Orientering og demonstrasjon ved Kristen Ormberg og Olav Stølen i stadnamnnemndi. 3. Servering Vel møtt! Styret [Tidlegare årsmøte]
Publisert av Oddmund, 24. februar 2015 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Tur Åsen-Bruheim 25/9
Historielaget ber inn til fottur torsdag 25. september klokka 17.00. Me går frå Gjellhola i Åsavegen og framover den gamle ferdslevegen til Bruheim. Turleiar er Lise Aasen. Det er parkering i «Nesasvingen» litt lenger nede og også langs vegen. Vel møtt til alle!
Publisert av Oddmund, 19. september 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Grunnlovskveld 12. juni
Torsdag 12. juni kl 18 markerer me grunnlovsjubileet med ei tilstelling i Berget i Fåberg. Program 18:00. Samling ved Storekloppi (Vegskjelet til Fåberg/Styggevatnet ). Herfrå fin fottur opp til Berget med kjent person. 18:45. Velkomst song v/ Asbjørg Ormberg og servering av nykokt kaffi. 19:00. 1814 i Jostedalen: val til Eidsvoll, ein auksjon i Kroken og […]
Publisert av Oddmund, 8. juni 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
17. mai i Jostedalen 200 år etter 1814
I dag har Jostedalen og Noreg feira 200-årsdagen for Grunnlova og det nasjonale sjølvstendet. I føremiddag avduka soknerådsleiar Arne Aasen Hauge og sokneprest Geir Paulsen eit skilt som fortalde at Jostedal kyrkje var valkyrkje i 1814. Valet føregjekk under den offisielle bededagen som skulle haldast i alle kyrkjer, og som vart halden i Jostedalen og […]
Publisert av Oddmund, 17. mai 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Jubileumstilstelling for Sjur Hesjevoll 22. mars
I år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. Laurdag 22. mars klokka 19.00 blir dette markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus. Les meir hjå Jostedal spel- og dansarlag Om Sjur Hesjevoll-utstillinga 2009
Publisert av Oddmund, 18. mars 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Årsmøte 6. mars
Det vert årsmøte i Jostedal historielag torsdag 6. mars 2014 kl 19.30 på Jostedal hotell. Saker 1. Vanlege årsmøtesaker 2. Orientering om nye gateadresser i Jostedalen 3. Servering Vel møtt! Styret
Publisert av Oddmund, 26. februar 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen