Presentasjon av stadnamn under marknadshelga
Under marknadshelga i Jostedalen 11.-12. juli vil Jostedal historielag presentere stadnamn i Jostedalen og Luster. Det store stadnamnprosjektet som byrja i 2002, er no på det næraste ferdig, og mange av dei registrerte stadnamna i Jostedalen er tilgjengelege på Internett. Interesserte vil gjennom marknadshelga kunne søkje og få rettleiing i bruk av namnetenesta i storsalen i samfunnshuset. Namna kan òg studerast på oppslegne kart.
Klokka 12.30 laurdag 11. juli vil historielaget fortelje om stadnamnprosjektet og opne utstillinga.
Våre nettsider om stadnamn er no oppdaterte og utvida. Her ligg òg rettleiing i bruk av namnebasen. Sjå særleg:
- Namnebasen til Fylkesarkivet | Rettleiing (av Randi Melvær)
- Stadnamnprosjektet 2002-2015
Publisert av Oddmund, 8. juli 2015 under Aktivitetar, Stadnamn.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar