Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Aktivitetar'

Hesjevoll-utstillinga: liste over gjenstandar

Det er no lagt ut ei liste over gjenstandane som vart utstilte i samfunnshuset i helga. Sogn Avis (papirutgåva) har i dag eit fint oppslag om marknaden og utstillinga, og på nettet ligg det ein biletserie.

Hesjevoll-utstillinga avslutta

I ettermiddag vart Sjur Hesjevoll-utstillinga teken ned, og ein kunne oppsummere at ho vart ein stor suksess! I alt 52 måleri og 34 dekorerte gjenstandar av tre var utstilte. Vaktene bad alle gjester skrive seg inn i ein utlagd protokoll, som til slutt talde 419 namn. Utstillinga var open i tretten timar dei to dagane, og […]

Sjur Hesjevoll-utstillinga opna i dag

Dei kring 80 frammøtte fekk ei fin stund då Sjur Hesjevoll-utstillinga i samfunnshuset opna i føremiddag. Storspelemann og slektning Håkon Høgemo opna det heile med ein slått og fekk alle i stemning før Aud Fossøy frå styret i Jostedal historielag ynskte velkomen. Håkon Hesjevoll sa nokre ord om utstillinga som han hadde hatt hovudansvaret for […]

Opning av Sjur Hesjevoll-utstillinga

Hesjevoll-familien og historielaget har samarbeidd om utstillinga av måleri og noko trearbeid av jostedalskunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll (1914-1994). Utstillinga er no oppsett i Jostedal samfunnshus. Alle er velkomne til opninga laurdag 18. juli klokka 11. Kåre Øvregard talar og opnar utstillinga, og spelemannen Håkon Høgemo syter for musikalske innslag. Utstillinga er open under marknadshelga i […]

Årsmøtet 12. mars

Laget heldt årsmøte 12. mars. Olav Stølen vart attvald som leiar, det same vart alle andre tillitsvalde. Årsmeldinga vart godkjend, og arbeidsplan vedteken. Følg peikarane for å finne ut meir.

Årsmøte 12. mars

Det er årsmøte i laget torsdag 12. mars klokka 20.00 på Jostedal hotell. Vanlege årsmøtesaker. Alle er velkomne!

Stor potetdag

Marit Elvekrok vann NM-kvalifiseringa i potetskrelling med Gunhild Brun på andreplass. Dei skal dermed delta i NM på Hamar 11. oktober. På ein god tredjeplass mellom dei ni deltakarane kom Ellen Fossøy. Dei fekk premie frå banken, som òg er med på å sponse Hamar-turen. Kultursjef Erling Bjørnetun leia det strenge domarpanelet som diskvalifiserte fleire […]

Potetdag 27. september

FN har kåra 2008 til “Det internasjonale potetåret”. Det feirar me med ei tilstelling i samfunnshuset laurdag 27. september klokka 14-17. Dette skjer: Utstilling: Om potetdyrking og potethistorie frå Peru til Jostedalen. Reiskapar og kring 20 ulike potetsortar. Sjå poteta frå frø til store knollar. Kafé: Sal av potetkaker, potetgraut og annan god potetmat og […]

Om arkeologiprosjektet på årsmøtet 18. mars 2007

Jostedal historielag held årsmøte sundag 18. mars klokka 18 på Jostedal hotell.

Kulturminnedagen 8. september 2002: Frå skulehus til skulehus

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2002-2003.] Me starta i Sperle skulehus som er eigd av Bjarne Sperle. Han kunne fortelja ymist om huset og lærarar som hadde skult der. Han hugsa at han sat i skammekroken i lag med ein anna gut. Saman so reiste dei langt ut på isen i Løken. Det hadde dei […]