Om arkeologiprosjektet på årsmøtet 18. mars 2007
Jostedal historielag held årsmøte sundag 18. mars klokka 18 på Jostedal hotell.
Arkeologane Anne Mette Haugen og Ann Katrine Sivertsen kjem for å leggje fram resultata frå arkeologiprosjektet så langt. Dei var i 2006 ferdige med masteroppgåvene sine i arkeologi, Anne Mette om «Veier og kommunikasjon i Jostedalen» og Ann Katrine om «Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna».
Her vil det bli spanande og overraskande ting å høyre om alderen på den eldste faste busetnaden, jordbruksutviklinga i dalen, utbygginga av vegnettet i mellomalderen og om øydetida etter Svartedauden var ein myte eller ein realitet.
Det blir servert pizza.
Alle er velkomne!
Publisert av Oddmund, 13. mars 2007 under Aktivitetar, Arkeologi, Lagsdrift.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar